Veterinærar
Ulstein kommune og Veterinærkontoret AS i Ulsteinvik søker i lag etter to nye veterinærar. Du vil jobbe i kombinert praksis med mykje smådyr. Etter nyttår er det to veterinærar på Veterinærkontoret og i Ulstein kommune, men det er nok arbeid til i alle fall fire veterinærar i vårt distrikt. Du er sjølvstendig næringsdrivande og vil inngå separate avtaler med Veterinærkontoret og Ulstein kommune.
Veterinærkontoret er ein smådyrklinikk som er romsleg og velutstyrt med røntgen, tannrøntgen, ultralyd, lab, operasjonsrom, gassanestesi. Det er høg aktivitet i dag. I fellesskapet på klinikken er det elles ein dyrepleiar og fleire assistentar. Stordyrpraksisen dreier seg om storfe og sau, litt hest og gris og nokre eggprodusentar (helseavtale).
Vaktdistriktet består av kommunane Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Det er relativt korte avstandar og noko øypraksis i Sande. Som veterinær her vil du delta i tre eller firedelt vakt. Det er Ulstein kommune som administrerer veterinærvaktordninga. Den som skal tiltre vaktordninga må inngå eigen avtale med kommunen frå 1/1-22 (4-årig).
Vakttilskotet var i 2021 på 850.000 kroner. I tillegg søker Ulstein kommune stimuleringstilskot til ordninga. Dei siste to åra har den vore på ca 300.000 kroner årleg. I tillegg til stimuleringstilskot gir kommunane i vaktdistriktet eit totalt tilskot på kroner 300.000 kroner. Midlane verte fordelt etter vaktbelastning og tal på veterinærar i vaktordninga.
Ulsteinvik ligg på vakre Sunnmøre, ein liten time utanfor Ålesund. Området kan by på gode moglegheiter for ulike friluftsaktivitetar, frå hav til fjell. To flyplassar ligg i nærleiken. Ulsteinvik er ein triveleg liten by med eit godt tilbod av det meste (sjå https://vimeo.com/291984742).
Personlige egenskaper
-Gode samarbeidsevner, positiv og pålitelig
-Arbeidslyst
-Evne til å arbeide sjølvstendig
-Allsidig og fleksibel
-Gode kommunikasjonsevner
Kvalifikasjoner
-Norsk autorisasjon
-Sjølvstendig næringsdrivande med eigen bil og praksisutstyr (vi kan supplere)
-Inseminasjonskurs
-Litt erfaring innan smådyr- og stordyrspraksis er ein fordel, men ikkje eit krav
-Om søkjar ønskjer å fokusere på smådyr og vil vere med på å utvikle tilbodet innan smådyrkirurgi og/eller tannbehandling, er dette interessant
-Krav om førarkort klasse B og eigen bil
Hva vi tilbyr
-Eit godt kollegialt fellesskap
-Variert arbeid i eit flott distrikt
-Opplæring etter behov
-Fleksibilitet mtp arbeidsturnus
-Kommunalt driftstilskot
-Distriktet kvalifiserer til stimuleringstilskot
-Kan vere behjelpelege med bustad
Søknad
Søknad: Sendast per mail til daglig leiar og veterinær Henriett, vurderast fortløpande
Epost for innsendelse av søknad: henriette.wiik.larsen@gmail.com
Meir informasjon:
Praktisk gjennomføring og klinikk:
Veterinærkontoret AS v/Henriette W. Larsen, tlf 913 20 593
Veterinærvaktavtalen:
Ulstein kommune v/Monica C. Torp, tlf 907 43 207
Om bedriften
Ulsteinsamfunnet støttar innbyggarar, organisasjonar og næringsliv som viser visjonar, vilje og pågangsmot til beste for eiga utvikling, medmenneske og samfunn.