Restaureringshandverkar /Kulturvernforvaltar i Geirangerfjorden verdsarv
Vi utvidar fagfelta våre og lyser ut ei ny fagstilling som restaureringshandverkar/kulturvernforvaltar for Geirangerfjorden verdsarvområde. Stillinga er i 100 %.
Kva ser vi etter?
Vi søkjer handverkar med allsidig restaureringsfagleg kompetanse /utdanning knytt til istandsetjing av eldre bygningar og bygningsmiljø. Erfaring med istandsetjing etter antikvariske prinsipp er ein føresetnad. Kunnskap om / interesser for ivaretaking av kulturlandskap og kulturmiljø er ein styrke.
Oppgåver / funksjonar
Stillinga er knytt til Geirangerfjorden verdsarvområde med omland. Arbeidsoppgåvene omfattar både utøvande restaureringsarbeid, tilsyn med tilstand, rådgjeving, prosjektleiing og rapportering knytt til bevariing og vedlikehald av kulturminne/kulturmiljø/kulturlandskap. Forvaltaren bør også kunne initiere tiltak og hjelpe eigarane med å få fram søknader om tilskot.
I arbeidet vert det eit nært samarbeid med fylkeskonservator/andre relevante fagmiljø og forvaltinga. Stillinga må arbeide for eit godt samarbeid med lokale kulturvernorganisasjonar som Storfjordens Venner, Stiftinga Paktarstova, Stiftinga Severinbrauta og Stiftinga Notanaustet m.fl. Evner og vilje til samarbeid og kommunikasjon er difor ein føresetnad. Du bør elles vere fleksibel og ha evne til sjølvstendig arbeid, vere initiativrik og i stand til å motivere andre til innsats. Du må utføre administrative oppgåver på ein ryddig og strukturert måte.
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har arbeidsgjevaransvaret. Vi kan tilby deg eit triveleg, utfordrande og utviklande arbeid i eit spennande verdsarvlandskap med nasjonale og internasjonale verdiar.
Dekningsområde og arbeidsbase
Geirangerfjorden verdsarvområde med omland. Verkstad/base vil vere ved Norddal prestegard i Fjord kommune. Du vil ha ei kollegial tilknyting til vårt øvrige kompetansemiljø ved Besøkssenter verdsarv/ Norsk Fjordsenter i Geiranger.
Søknad sendast
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med formidlingsleiar Merete Løvoll Rønneberg for meir informasjon, tlf. 99 37 65 85. Søknad med CV sendast innan 1. mars 2020. Meir informasjon om Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv finn du på www.fjordsenter.com
Om bedriften
Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv (SGV) er ei ideell stifting med hovudføremål;
- å utvikle kompetanse innan vern, bevaring og formidling av naturarven Vestnorsk fjordlandskap,
- å drive ei berekraftig utvikling av det unike verdsarvområdet,
- å representere ein arena for vitskapeleg forsking på området,
- samt vere premissleverandør overfor myndigheiter,
i tråd med artikkel 5 e) i UNESCO konvensjonen.