Kateket / Kyrkjelydspedagog
Sula sokn
Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kateket / Kyrkjelydspedagog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Sula sokn har ledig stilling som kateket/kyrkjelydspedagog frå 15. februar 2025. Vi søkjer primært etter ein medarbeidar med høgare utdanning, slik kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar krev. Alternativt søkjer vi etter ein medarbeidar med anna relevant utdanning og praksis som kan tenkje seg å gjennomføre ei vidareutdanning ved sidan av arbeidet for å kvalifisere som kateket. Arbeidsgjevar vil leggje til rette for studiar. Det er mogleg å søkje stipend for gjennomføring av slik utdanning.
Kateketen har Sula sokn som tenesteområde og fast kontorarbeidsplass ved Sula kyrkjekontor saman med resten av staben. Kyrkjekontoret ligg i godt utstyrte moderne lokale i Sula rådhus i Langevåg. Kateketen er leiar for undervisningsarbeidet og koordinera trusopplæringsteamet vårt. Trusopplæringa i Sula er delt inn i tre hovud fasar: 0-3 år, 3-12 år og 12-18 år. Kateket, kyrkjelydspedagog, diakon, prestane og kantor samarbeider om gjennomføringa av dei ulike tiltaka, men kvar fase har ein hovudansvarleg.
Det er to kyrkjer i soknet. Langevåg kyrkje, som ligg i tettstaden Langevåg, og Indre Sula kyrkje, ei nyare arbeidskyrkje på indre delen av kommunen. Det er ca. 10 km avstand mellom desse kyrkjene. Sula kommune er ei kommune i vekst og ei nabokommune til Ålesund. Kommunen har eit folketal på ca. 9000, og kommune og sokn har same grenser. Her er vakker natur og av den grunn rikt høve til friluftsliv. I kommunen er det 4 kommunale og 5 private barnehagar, 3 barneskular og ein ungdomsskule.
Jan Erik Hovland, Kyrkjeverje, 90502658
6030 Langevåg
Referansenr.: 4883810888
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024

Arbeidsoppgåver - Hovudoppgåver
Følgjande område er prioritert i undervisningsarbeidet:
- Hovudansvar for konfirmantarbeidet
- Koordinere trusopplæring for barn og unge
- Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar
- Samarbeid mellom kyrkje og barnehage/skule
Kvalifikasjonar
- For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må kateketen ha førarkort og disponere bil.
- Han/ho som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja.
- Tilsetjinga skjer i samsvar med kvalifikasjonskrav og tenesteordning for kateketar, gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har:
- Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom
- Erfaring frå og interesse for leirarbeid
- Evne til samarbeid og teamtenking
- Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
- Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Administrativ erfaring
- Erfaring frå informasjonsarbeid, bruk av nettsider og sosiale media
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har gode formidlingsevner til barn og ungdom
- Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- ei interessant og utfordrande stilling med moglegheit for vekst
- varierte arbeidsoppgåver i trivelege omgjevnader
- godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer
- løn etter gjeldande tariff i Den norske kyrkja
Anna:
- Vi nytter intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.
- For nærare opplysningar ta kontakt med kyrkjeverje Jan Erik Hovland på tlf. 90502658 eller konstituert dagleg leiar Monica Blom-Welle Eikrem tlf. 95860696
- Alle søknadar med CV, vitnemål, attestar, og referansar må sendast elektronisk via www.kirkejobb.no innan 8. des. 2024.
- Det vert kravd framlagt politiattest ved tilsetting.
Kontaktinformasjon
Monica Blom-Welle Eikrem, Konstituert dagleg leiar, 95712293Jan Erik Hovland, Kyrkjeverje, 90502658
Arbeidssted
Sloghaugvegen 136030 Langevåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sula soknReferansenr.: 4883810888
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Jan Erik Hovland
Kyrkjeverje
90502658
Monica Blom-Welle Eikrem
Konstituert dagleg leiar
95712293
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2788611
- Hentet fra
talentech
- Referanse
af4b83cecf954068a63c43924f7643dd