Barnehagelærar
Læringsverkstedet Naustdal Idrettsbarnehage AS
Berrvellene 36, 6817 Naustdal
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærar
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Vikariat
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med og forandre verda? For barna i barnehagen. For foreldra deira. For lokalsamfunnet. Hos oss skal kvart einskild barn oppleve og føle at det er verdifullt. Denne stillinga er for deg som vil vere med på dette!
Læringsverkstedet er den største private barnehageaktøren i Norge. Kvar dag jobbar vi for den same visjonen; ‘Vi får verdas viktigaste verdiar til å vekse.’ Vårt mål er at barna skal vekse – i kunnskap og meistring, i tryggleik og empati.
Læringsverkstedet Naustdal Idrettsbarnehage opna i 2012. Barnehagen har plass til 96 barn fordelt på 6 avdelingar. Hos oss møter du vaksne som ønskjer å gjere ein forskjell i barn sine liv, vaksne som ønskjer å formidle hjertekultur i alt vi gjer.
Vi har behov for 1 barnehagelærarar som vil vere med å bidra til at barna i Naustdal Idrettsbarnehage opplever at dei er verdifulle kvar einaste dag. Vi ser etter deg som arbeidar med hjartet utanpå skjorta, som byr på deg sjølv, som er aktivt tilstedeværende der barna er, raus og tydeleg, leiken og ambisiøs!
Hos oss treng du ikkje vere topptrent eller naturekspert, men vi har ei forventning at du er aktiv samen med barna, både inne, ute, i hall og på tur.
Du finn meir informasjon om oss på
facebook: https://www.facebook.com/profile.php?id=100063557232190
heimeside: https://laringsverkstedet.no/barnehage/naustdal-idrettsbarnehage
Arbeidsoppgaver
- Rettleie og støtte personalet i det pedagogiske arbeidet
- Bistå pedagogisk leiar med administrativ leiing av avdelinga
- Delegere arbeidsoppgåver til personalet og sikre at avdelinga sine mål blir nådd
- Barnehagelærar har ansvar når pedagogisk leiar ikkje er til stade
- Legge til rette for eit godt samarbeid med foreldre/føresette
- Dele kunnskap om barn si læring og utvikling, og bidra til kompetanseheving i barnehagen
- Vere ein pådrivar i evalueringsarbeid og kontinuerlig forbetring
- Halde deg fagleg oppdatert, samt delta på kurs og fagopplæring som blir tilbydd
- Bidra i planlegginga av den daglege verksemda og ha ansvar for gjennomføringa, bidra med månadsplanar og førebuing av foreldresamtalar
Kvalifikasjoner
Du må vere ein relasjonsorientert person som ser kvart einskild barn. Du lyttar og er lydhøyr på kva barna ønskjer å formidle. Du har faglege ambisjonar og eit hjarte for det du driv med. Vidare har du evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barn sin leik og utvikling.Du framstår som løysningsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig. For å lykkes i rolla må du kunne kommunisere med menneskjer med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar. Du liker nye utfordringar og arbeidar godt under press, vidare er du ansvarsbevisst og sjølvstendig. Vi ønskjer ein pedagog som er god, varm og omsorgsfull. Leiken og ambisiøs, raus og tydeleg er stikkord for vårt personale. Du har helse til og glede av å delta i barn sin leik, læring og undring. Du må identifisere deg med Læringsverkstedet sine verdiar.
Personlige egenskaper
- Godkjent utdanning som barnehagelærar eller førskulelærar
- Erfaring frå barnehage er ønskeleg
- Gode leiareigenskapar
- Du er ein aktiv vaksen som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ønskjer å formidle
- God norskkunnskap, både skriftleg og munnleg
- Politiattest må ligge føre før tilsetting
- Bakgrunn frå, og kunnskap om idrett er ønskeleg
Vi tilbyr
- Tariffavtale gjennom PBL
- Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
- IA-bedrift
- Arbeidskle
- Eit aktivt og spennande fagmiljø med stor variasjon av kompetanse og erfaring
- Attraktivt pedagogisk konsept med tilgang til mykje pedagogisk materiell og varierte fagrom
- Felles intranett og ressursbank
- Stort fokus på kompetanseutvikling
- Rettleiing i 2 år for nyutdanna barnehagelærarar
- Eit godt arbeidsmiljø
- Politiattest må ligge føre før tilsetting
- Personlege eigenskapar vil bli vektlag
Kontaktinformasjon
Eva Jeanette Gunnes, Daglig leder, +47 41651800Arbeidssted
Berrvellene 366817 Naustdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Læringsverkstedet Naustdal Idrettsbarnehage ASReferansenr.: 4819402331
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2024
Sluttdato: 28.02.2025
Søknadsfrist: 10.06.2024
Om bedriften
Vi ser etter medarbeidere som ønsker å bidra og gi av seg selv, som evner å lytte til andre, dele erfaringer og styrke felles ambisjoner. Viljen til hele tiden å bli bedre, både faglig og menneskelig, er en forutsetning for alle som jobber i Læringsverkstedet. Læringsverkstedet har et løfte til alle ansatte: "Hos oss har du alle muligheter til å utvikle deg både faglig og menneskelig, og gjøre verdens viktigste jobb på best mulig måte."
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2660405
- Sist endret
11. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
eff0a7716f38405e9dcd62bae9e0a3cd