Prosjektleiar
Sygnir AS
Aurland, Lærdal, Sogndal, Vik i Sogn og Balestrand
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Prosjektleiar
Bli med å skapa den fornybare framtida!
- ein arbeidsplass som er sentral for det grøne skiftet og som spelar ei viktig rolle i regional utvikling av Sogn?
- å auka din kompetanse og personlege utvikling?
- å jobba framoverretta med store satsingar i eit sosialt og produktivt arbeidsmiljø?
Då er Sygnir arbeidsplassen for deg!
I Sygnir jobbar me med det grøne skiftet i praksis. Me har oppdrag både å drifta og modernisera det brattaste straumnettet i Noreg. Som ein del av teamet i Nettutvikling vil du arbeida med prosjekt som har mål om å leggja til rette for utvikling, elektrifisering og auka bruk av fornybar energi i regionen.
Arbeidsoppgåvene vil variera både i kompleksitet og omfang, alt etter spenningsnivå. Frå ansvar og leiing av prosjekt på eit meir overordna nivå, til teknisk faglege berekningar og analyser. Du vil leia både prosessar og menneske i denne rolla og slik få moglegheita til å byggja gode relasjonar og dela erfaringar med andre. Du bør vera løysingsorientert og proaktiv, då du vil ha ansvar for prosjekt frå oppstart til ferdig leveranse.
Basert på di kompetanse, erfaring og interesse, vil me drøfta di rolle, ansvarsområde og personlege utvikling nærare. Nyutdanna vil òg vere aktuelle kandidatar og oppfordrast til å søkje, då me kan setja opp eit eigenkomponert kompetanseløp.
Kvalifikasjonskrav- Sivilingeniør eller ingeniør innan elkraft eller energi og miljø
- Erfaring frå nettutviklingsprosjekt er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
Om Sygnir
Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet som er ein drivkraft i Sogn. Her møtes natur og teknologi. Me har eit straumnett på om lag 2500 km og 14000 nettkundar. Arbeidsplass vil vera på ein av våre lokasjonar i konsesjonsområdet som omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Sogndal og Vik i Sogn.
Interessert? For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med seksjonsleiar for nettutvikling, Helge Morten Vangen, på tlf. 951 72 599.
Søknad sendes via "søk på stilling" knappen på denne siden.Om bedriften
Sygnir
Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse?
Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 150 ihuga medarbeidarar.
Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift. Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi.
Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
Sektor
Privat