Høgskulelektor i medieproduksjon
Om stillinga
Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, har vi ledig eit vikariat i 100% stilling som høgskulelektor ved Institutt for film og animasjon, frå 1.6.2021 til 21.06.2022. Dato for oppstart kan endrast etter avtale.
Stillinga gjeld undervisning i medieproduksjon og rettleiing av praktiske og vitskapelege oppgåver. Det kan være høve til lågare stillingsprosent dersom søkjar ynskjer det og for å dekke kompetansen det er krav om i stillinga.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan fagområdet. Omfattande praksiserfaring frå bransjen kan vege opp for formell kompetanse
- Profesjonell produksjonserfaring innan video, lyd og postproduksjon
- Relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing
Vi ser etter ein person som:
- Har god innsikt i, og evne til å formidle, dei kunstnariske og teoretiske problemstillingane knytt til arbeidet med medieproduksjon
- kan undervise og følge opp studentar på prosjekt innan både einkamera- og fleirkamera videoproduksjon
- har kunnskap og interesse for dramaturgi, og nye måtar å fortelje historier på
- kan rettleie studentar på teorioppgåver
- er interessert i å jobbe tett med studentar og kollegaer i rettleiing og undervisning
- er sjølvstendig og utviklingsorientert og likar å jobbe i team
Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Arbeidsstaden er på Høgskulen i Volda.
Søkar må ha masterutdanning eller godkjent kompetanse på same nivå. Søkar må dokumentere eiga kompetanse, utdanning, arbeidserfaring, evt. FoU-arbeid og kunstnarleg produksjon.
Arbeidsfelt
Du vil primært jobbe med studentane i bachelorprogrammet i medieproduksjon der du gir studentane våre grunnleggande opplæring i video, lyd og postproduksjon. Du kan også få oppgåver på masterprogrammet vårt og andre studieprogram ved avdelinga. Den som vert tilsette vil få emneansvar og det følger administrative oppgåver knytt til dette.
Vi tilbyr
Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.
Løn etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i denne stillingskoda ved Høgskulen i Volda, høgskulelektor 1008 frå kr 490 600 - 640 200.
Generell informasjon
Ved Høgskulen i Volda er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga
Om søknaden
Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga
Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.
Kontakt
Nærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte dekan Kate Kartveit, tlf.: 70 07 53 04 og instituttleiar Dag S. Roland, tlf.: 70 07 52 70.
Om eininga/avdelinga
Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda har landets største mediefagsmiljø med omtrent femti tilsette og over 500 studentar. Avdelinga har blant anna utdanningar i journalistikk, animasjon, medieproduksjon, og PR, kommunikasjon og media. Avdelinga har også̊ ein engelskspråkleg mastergradsutdanning i Master in Media Practices.
Ved bachelor i Medieproduksjon jobbar vi med innhaldsproduksjon og historieforteljing med video. Du utviklar konsept til faktabaserte medieproduksjonar og lærer å planlegge, produsere og distribuere innhald til ulike plattformer. Studiet er akademisk forankra med ein teoretisk del der du lærer å analysere og vurdere medieinnhald.