Kokk/kokekyndig
f.t ved Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune
Granden 1, 6723 Svelgen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kokk/kokekyndig
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Bremanger kommune, for tida Svelgen omsorgssenter er det ledig eit 20% vikariat på helg, moglegheit for fast- frå snarast. Stillinga inneber arbeid kvar 3.helg. Vi ynskjer også at du har anledning til å vere tilkallingsvakt ved sjukdom og i feriar. Det kan også vere aktuelt å kombinere denne stillinga med andre stillingar i Open omsorg indre, slik at stillingsprosenten vert høgare.
I mars 2016 stod Svelgen omsorgssenter ferdig. Vi arbeider i moderne omgjevnadar. Kjøkkenet er av fagfolk sagt, blant dei beste institusjonskjøkkena i landet, kor det er vektlagt at ein skal kunne gje god kvalitet på varene ein leverer og at medarbeidarane skal ha ein god og tilrettelagt arbeidsplass.
Omsorgssenteret er delt inn i fem einingar med m.a. demens, rehabilitering og lindrande pleie. På kvar eining er det avdelingskjøkken, så det er kun den varme maten som vert tilberedt på institusjonskjøkkenet. I tillegg til at ein lagar mat til bebuarane på omsorgssenteret, lagar ein m.a. middag til bebuarane på Klokkartunet på Davik og personar som har innvilga tenesta matombringing.
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer medarbeidarar som er kokekyndige eller utdanna fagarbeidar. Andre med relevant praksis er også velkomne til å søkje.
- Like å arbeide i team, samstundes som ein må kunne jobbe sjølvstendig
- Vere innstilt på endringar
- Legge fram politiattest av nyare dato
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
For oss er det viktig at du trivast å jobbe ilag med andre menneske, og at du ønskjer å gjere ditt beste for våre pasientar. Bebuarane har ulike medisinske utfordringar, kor ernæring er ein viktig del av behandlinga. Av den grunn søkjer vi fagleg motiverte, engasjerte og sjølvstendige medarbeidarar. Serviceinnstilling og personleg egna heit vert vektlagt.Vi tilbyr
- Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Granden 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4903757668
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2831664
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ce078069496d4d0490a2bd3091dc580f