Fast stilling som assistent psykiatri kvar 3. helg
Psykiatrisk klinikk/ Avdeling stemningslidingar/ Seksjon S1, Helse Bergen
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fast stilling som assistent psykiatri kvar 3. helg
Type ansettelse
Fast, deltid 18%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i dag
Avdeling Stemningslidingar tilbyr spesialisert utgreiing og behandling på sjukehusnivå til pasientar med stemningslidingar. Målgruppa er pasientar med bipolare lidingar, alvorleg depresjon, affektive psykosar og blandingstilstandar. Avdelinga tilbyr tverrfagleg behandling som blir individuelt tilpassa den einskilde pasient.
S1 er ein lukka korttidsseksjon med 9 døgnplassar og tilbyr mellom anna miljøterapi, medikamentell behandling, psykoterapi, kronoterapi og fysisk aktivitet. Vi har om lag 65 fast tilsette, og behandlar-teamet er samansett av psykiatriske sjukepleiarar og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, sosionom, erfaringskonsulent, psykiater, psykolog, og lege i spesialisering (LIS1 og LIS3).
Vi har 2 ledige 18% faste stillingar for assistentar med arbeid pt. kvar 3. helg. Vi har eit godt og fagleg arbeidsmiljø på S1 og søker deg som ønsker å bidra og ta del i å oppretthalde dette.
For å opprettalde samansettinga i personalgruppa blir menn oppfordra til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar med fokus på individuelle behov, aktivitet og daglege gjeremål
- Delta i det tverrfaglege arbeidet i posten, herunder gjennomføring av den planlagde behandlinga av pasientar i tråd med god klinisk praksis, sjukehusets mål og etter gjeldande regelverk
- Utøve god miljøterapi under rettleiing av sjukepleiar/vernepleiar
- Dokumentere og rapportere observasjonar og utførte tiltak under rettleiing
- Praktiske oppgåver knytta til drift av sengepost
- Forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Vi søker fortrinnsvis etter studentar innan sjuke- og vernepleie, psykologi (profesjon) og medisin, men andre søkarar blir òg vurdert
- Vi ønsker å knytte til oss medarbeidarar som er fleksible, løysingsorienterte og fagleg engasjerte
- Erfaring frå arbeid med psykisk sjuke menneske er ein fordel
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Ein skapar gode relasjonar til dei rundt seg, og opptrer med tolmod og respekt
- Vi søkjer personar som er modne, ansarsbevisste og har evne til å romme ulike følelsesmessige reaksjonar hos pasientane
- At ein bidrar til godt arbeidsmiljø, og arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Ein må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og like varierande utfordringar
- Må vere personleg eigna til arbeidet
- Du arbeider strukturert og målretta, er punktleg og påliteleg
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du er løysingsorientert, god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp
Vi tilbyr
- Vi tilbyr eit svært godt arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Ein spennande og utfordrande jobb
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg og fagleg utvikling
- Fadderordning
- Opplæring i terapeutisk meistring av aggresjon
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinkomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Asle Gramstad, Assisterande seksjonsleiar, 55958620Marte Kristine Bjørgve, Seksjonsleiar, 55958722
Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4881492794
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Marte Kristine Bjørgve
Seksjonsleiar
55958722
Asle Gramstad
Assisterande seksjonsleiar
55958620
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2784342
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e715e1fc6ced42f8acfbb9f6e13827c8