100% fast stilling som sjukepleiar
for tida ved Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune
Gamlevegen 59, 6729 Kalvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Er du sjukepleiar og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver? I Bremanger kommune, for tida Bremanger sjukeheim – er det ledig ei 100% fast sjukepleiarstilling.
Kvardagen hos oss er variert, der du lærer mykje på kort tid. Bremanger sjukeheim har 35 bueiningar, fordelt på 3 avdelingar. Den eine avdelinga er spesielt tilrettelagt for demente, og ein har og eit lindrande rom.
Vi arbeider i for tida i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid –og fritida si.
Arbeidsoppgåver
Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
- Sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientane
- Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjeld alder og medisinske behov
- Heilskapleg omsorg for eldre mennesker
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Moglegheit for å delta i ressursgruppe
- Dokumentasjon, rettleiing, undervisning m.m.
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gjerne ha erfaring innan akuttmedisin
- Like å arbeide i team
- Vere innstilt på endringar
- Legge fram politiattest av nyare dato
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.
Serviceinnstilling og personleg egenaheit vektleggas
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år.
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!
Kontaktinformasjon
Evy Janne Berle, Driftssjef, +47 95982944Arbeidsstad
Gamlevegen 596729 Kalvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4883067841
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Evy Janne Berle
Driftssjef
+47 95982944
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2787589
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a170a5e11a6e445b8551649efe22481a