Politibetjent 3/2/1
Felles eining for operative tenester - Seksjon for operativ styring, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate, 6005 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Er du vår nye politibetjent/operatør ved operasjonssentralen/sentralbordet?
Vi har ledig to faste stillingar og vikariat som politibetjent 3/2/1 ved operasjonssentralen/sentralbordet. Vikariatet varar til og med 01.01.26 med mulighet for forlengelse. Det kan bli fleire vikariat med ulik varigheit.
Operasjonssentralen er leiing- og koordineringsssentral for både planlagde aktivitetar og operativ verksemd i distriktet. Vi handterer politiet sine naudmeldingar (112) og andre meldingar frå publikum og samvirkeaktørar.
Dine hovudoppgåver som operatør vil vere å handtere operative meldingar og naudmeldingar frå heile distriktet, og å planlegge og koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/ operasjonsleiar. Som operatør skal du samhandle med innsatsleiar, operativt mannskap og felles straffesaksinntak (FSI) for å sikre framdrift og løysing av hendingsstyrte og planlagte oppdrag. Det er eit hektisk arbeidsmiljø der du må handtere fleire saker samtidig. Derfor treng vi deg som er initiativrik, som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og høg stresstoleranse.
Sentralbordet er ein viktig funksjon i kontakt med publikum. Sentralbordet mottek og ekspederer telefonnummer til 02800 og politidistriktets hovednummer. For at sentralbordet skal yte effektivt og god service må funksjonen samarbeide godt med andre funksjoner i distriktet, særleg med tankte på å halde oversikt over ulike fagfelt, tilgjengeleg mannskap og dei ulike funksjonenes opningstider.
Operasjonssentralen/sentralbordet er plassert i politihuset i Ålesund. Sentralen er samlokalisert med 110 – sentralen i Møre og Romsdal. Seksjon er for inndelt i tre avsnitt som alle er leia av einavsnittsleiar. Seksjonen består av mange erfarne leiarar. Blant operatørene er det ei god aldersspreiing. Ein utførar teneste i tredelt turnus, med for tida arbeid kvar tredje helg. I sommerferieavviklinga er det anna kvar helg, i den perioden ein ikkje er ute i ferie sjølv.
Arbeidsoppgåver
- Handtering av 02800 anrop og hovednummer til politidistriktet ved både sentralbordet og operasjonssentralen.
- Handtering av operative meldingar og naudmeldingar frå heile distriktet
- Planlegge samt å koordinere den operative polititenesta under leiing av oppdragsleiar/operasjonsleiar
- Utføre oppgåver i samsvar med styrande dokument, planverk og plan for PO
- Sørge for god kommunikasjon og samarbeid med interne samt eksterne samarbeidsaktørar.
- Bidra til å sette i verk straksetterforsking
- Involvere nødvendig komplementær kompetanse i oppgåveløysinga
- Kan påleggast andre oppgåvar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:- Fullført og bestått Politihøgskule/politiskule. Karakterskjema skal fyllast ut og leggast ved søknaden, sjå
https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema - Erfaring frå politiet sine gjeremål, herunder ordensteneste og etterforsking
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
- Må kunne sikkerhetsklarerast som Hemmeleg
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner
- Høg stresstoleranse
- Initiativrik
- Endringsvillig
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida
- Fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt. Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.
- Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 524 700 - kr. 604 900
- Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 460 600 - kr. 487 800
- Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 432 800 - kr. 472 900
- Endeleg plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- Ved endring av tjenesteområde gis lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsetjingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Kontaktinformasjon
Erik Steen Mikalsen, Seksjonsleiar, 70118700Arbeidsstad
Nedre Strandgate6005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4852834800
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling, Vikar
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Erik Steen Mikalsen
Seksjonsleiar
70118700
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 265 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 630 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2807129
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b8eb1b1f9c8c4f2a939120ea8f45570c