Vil du bidra til å skapa eit godt grunnlag for livslang læring?
Vindafjord kommune Vågen oppvektsenter
Vågshagen 22, 5582 Ølensvåg
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Me søker:
Barne- og ungdomsarbeidar/assistent til Vågen oppvekstsenter, avdeling barnehage. 100% stilling - 60% fast, 40% vikariat.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Viktig delansvar ved å gje eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna.
- Vere ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen.
- Likar å vere ute og vere ein god rollemodell.
- Observasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe.
- Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar.
- Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet.
- Halde deg fagleg oppdatert.
- Vere med å utvikle språket til barna igjennom munnleg deltaking og samspel.
Kvalifikasjonar:
- Barne og ungdomsarbeider. Ufaglærte kan og søkje.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
- Erfaring frå arbeid med barn er ønskjeleg.
Personlege eigenskapar:
- Me søkjer ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
- Må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
- Kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kolleger.
Me kan tilby:
- Meiningsfullt og variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Tilbod om gunstig mobilabonnement
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller har vore i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2686872
- Sist endret
4. juli 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3370829_238561_nn