Tømrar i Gulen
Mjømen og Berge Byggeverksemd AS
Mjømna 52, 5978 Mjømna, Gulen, Norge
Om jobben
Stillingstittel
Handverkar/tømrar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Mjømen og Berge Byggeverksemd AS er på utkikk etter handverkarar/tømrar!
Er du vår nye medarbeider?
Stillingsbeskriving
Stillinga er ei 100% fast stilling som handverkar/tømrar, kor ein jobbar ute på oppdrag med byggtekniske oppgåver. I all hovudsak vil du kunne jobbe med oppdrag som nybygg, rehabiliteringsoppgåver og større byggeprosjekt. Jobben er allsidig, og det er sjeldan dei same oppgåvene frå dag til dag.
Vi tilbyr:
- 100 % fast stilling
- Stort ansvar for eigne arbeidsoppgåver
- Personlege utviklingsmoglegheiter i ein krevjande og interessant jobb
- Jobbar ute på oppdrag i heile Gulen og Masfjorden kommune
- Lønn etter avtale – tiltreding snarast
- Opplæring vil verte gitt
Utdanning:
- Er utdanna tømrar, eller har lang erfaring innafor handtverkarfaget.
- Har kjennskap til byggfaget, og utfordringane som utspeler seg her.
Den vi ser etter:
- Har fagbrev som tømrer, eller mange års erfaring kan veie opp mot fagbrev
- Snakkar Norsk/Engelsk
- Kan ta ansvar og styre mindre prosjekt
- Førarkort klasse B
- Har gode referansar
- Er personleg eigna til stillinga
Personlege eigenskapar:
- Fagleg dyktig og har ekte entusiasme for tømrarfaget
- Må kunne jobbe nøyaktig og sjølvstendig
- Positiv og serviceinnstilt
- Ærleg og lojal
- God til å jobbe i team
- Løysingsorientert
Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar Jostein Berge tlf. 915 24 797.
Søknad og CV kan sendast til jostein@mbbygg.no
Om bedriften
Mjømen og Berge Byggeverksemd er ei lokal byggteknisk verksemd lokalisert på Mjømna i Gulen kommune. Vi utførar alt av byggtenester, hus, hytte, kai, tomt og liknande. Vi har utstyr og anleggsmaskiner for å utføre dei fleste oppdrag rundt tomtearbeid, i tillegg har dei trelast og anna utsal av materiale og utstyr.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
374596
- Sist endret
16. juli 2019
- Hentet fra
DIR
- Referanse
4069df8d-1053-41d0-9429-71c30bcfa4f4