Rådgjevar
Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Type ansettelse
Prosjekt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ledig stilling som rådgjevar i Seksjon for samhandling. Seksjonen er organisatorisk plassert under viseadministrerande direktør. Seksjonen arbeider breitt med tilrettelegging og støtte til samhandling og samarbeid både internt og ut mot kommunane. Dette er samhandling både knytt til dialog, avtalar, retningsliner og der digital samhandling har ein sentral plass.
Den som blir tilsett vil være rådgjevar med generelle samhandlingsoppgåver og eit særskilt ansvar for digitale løysingar knytt til samhandling, desse arbeidsoppgåvene vert løyst i tett samarbeid med Seksjon for e-helse.
Til denne stillinga treng vi deg som er oppteken av samarbeid og samhandling på tvers av profesjonar og tenestenivå og som har kunnskap og interesse for digitale løysingar.
Arbeidsoppgåver
Rådgjevar i seksjonen
“Samhandling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta er avgjerande for at vi skal oppnå gode pasientforløp og effektiv utnytting av dei samla ressursane som blir stilt til rådigheit for helse- og omsorgstenesta”.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å:
- Gje råd og rettleiing om samhandling
- Undervise
- Utarbeide, implementere og vedlikehalde prosedyrar
- Identifisere samhandlingsutfordringar og setje i gang tiltak
- Bidra i samhandlingsarbeid i seksjonen
Digital samhandling
Digitale løysningar i samhandling er viktige, og naudsynte for å leggje til rette for god og effektiv kommunikasjon og informasjonsflyt mellom alle aktørar i pasientforløpet. Sjukehuset har i lang tid mellom anna kommunisert med primærhelsetenesta ved bruk av Pleie og omsorgsmeldingar. Det er store forventningar til å ta i bruk endå fleire digitale løysingar i samhandlinga og vi har ein marknad i stadig utvikling. Dømer på dette er Pasientens legemiddelliste (PLL) og deling av informasjon gjennom Kjernejournal.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å:
- Være føretaket sin ressurs knytt til pleie- og omsorgsmeldingar
- Delta i aktuelle arbeidsgrupper, både lokalt, regionalt og nasjonalt
- Delta i Seksjon for e-helse sitt team for Digitale helsetenester
- Gje opplæring og rettleiing
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan helse, sosial- og omsorgsfag
- Kjennskap til både spesialist– og kommunehelsetenesta
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse og interesse for utvikling
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- God på samarbeid og kommunikasjon
- Evne til å bygge og ivareta relasjonar
- Strategiske og analytiske eigeneskapar
- Strukturert med god gjennomføringsevne
- Vera fleksibel og finne løysingar saman med andre
- Evne til å stå i utfordringar og takle stress
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø
- Ein viktig og interessant jobb med tett samarbeid med Brukarutvalet, ulike avdelingar i føretaket og med kommunane
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Grete Lill Hjartnes, Seksjonsleiar, +47 47234918Anne Kristin Paulsen, Spesialrådgjevar, 97653736
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4837776856
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.08.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.helse-bergen.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2701099
- Sist endret
12. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be1bf53926d74f63816d6013b1a579a6