Sesongmedarbeidar til turistinformasjonen i Jondal
Ullensvang kommune Innbyggjar og internservice
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Antall stillinger
1
Sesongmedarbeidarar til turistinformasjonen i Jondal
Har du lyst på ein kjekk jobb i sommar? På turistinformasjonen i Jondal søkjer me deg som ønskjer å hjelpe turistar med informasjon om Ullensvang og som vil bidra til at turistane kjenner seg velkomne i Jondal og i kommunen.
I denne vertskapsrolla må du ta godt imot turistane og kunne formidle informasjon om området på engelsk og norsk både i person, på telefon og på e-post.
Me søkjer deg som:
Er serviceinnstilt og profesjonell i møtet med turistar.
Er god i engelsk og norsk både munnleg og skriftleg.
Har god kjennskap til Jondal og områda rundt.
Er ansvarsfull, sjølvstendig og lærevillig.
Er over 18 år. Søkjarar over 16 år kan vurderast.
I Jondal ligg turistinformasjonen på kommunehuset, “Blåhuset”.
Det er størst behov for sesongmedarbeidarar juni til august. Arbeidstid vil vera mellom kl. 10-17. Arbeid minst kvar 3. helg.
Me ber om at du i søknaden spesifiserer kva tidsrom du kan jobbe i.
Løn etter tariff.
Me handsamar søknadar fortløpande.
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2590866
- Sist endret
22. april 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3319097_194025_nn