Barnehagelærar 100% vikariat - Hamramyra barnehage
Org.nr.: Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Arbeidsoppgåver:
- Medansvar saman med pedagogisk leiar for å leie barnegruppe og samarbeide tett med foreldre
- Medansvar saman med pedagogisk leiar for planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av det pedagogiske arbeidet, i tett samarbeid med det øvrige personalet
- Bidra til å utvikle Hamramyra barnehage for framtida
Kvalifikasjonar:
Må ha:
- Godkjent barnehagelærarutdanning, helst med erfaring frå barnehage
- Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Vi søkjer ein person som er tydeleg, raus og inkluderande
- Du må like utfordringar og vera endringsvilleg
- Vi treng ein person med godt humør, og som har evne til å inspirere og motivere
- Du set barnet sitt beste i fokus og er god til å samarbeide med andre
- Du er ansvarsbevist, sjølvstendig og løysingsorientert
- Du er positiv og ser verdien av humor på jobb
- Du har ein fagleg kompetanse som du omset i praksis . Faglege ambisjonar og hjarte for det du driver med
Anna:
Dette er eit vikariat frå snarast, fram til 16.01.2021.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA verksemd
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Vivian Ones Ekerhovd, Tlf: +47 55096201, Mobil +47 93039659
Om bedriften
Hamramyra barnehage er ein ny 6 avdelings barnehage med flotte fasilitetar. Kjøken og bad tilknytta kvar avdeling og vi har eit stort fellesrom, der barna har god plass til å utfalde seg. Eigen personalfløy med møterom og flotte arbeidsplassar til personalet. Satsingsområdet vårt er sosial kompetanse og vi jobbar med COS, De utrolige årene og Dinoskule. Barnehagen grensar til eit spanande friområde med flott skogsterreng, vatn, sjø, idrettsanlegg og fotballbanar.