Sterilforsyningsteknikar
AAM FSS sterilsentral, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sterilforsyningsteknikar
Oppstart
10. februar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Sterilforsyninga er ei svært viktig avdeling i Helse Førde med per i dag 14 tilsette. Vi er no flytta inn i nytt sjukehusbygg - Liva bygget. Sterilforsyninga er ei veldig fin og moderne arbeidsplass. Vi server stort sett alle avdelinger ved sjukehuset.
Vi har ledig 3 x 100% årsvikariat med moglegheit for forlengelse. Oppstart: 10.02.2025Arbeidstid per i dag: dagvakt kl. 08.00 til 15.30 og seinvakt fra kl. 13.30 til 21.00. Lørdag og søndag samt helgedager 10:30 - 18:00. Her kan blir endringer.
Arbeidkvardagen kan være hektisk og til tider noko utfordrende, men veldig lærerik og interessant.
Vi søkjer deg som har helsefagleg bakgrunn, eventuelt erfaring fra sterilforsyningsfaget og som er villig til å være med på ein hektisk kvardag med mange gode kollegaer.
Arbeidsoppgåver
- Instrumentvask
- Pakke og sjekke instrument
- Autoklavering
- Arbeid i sterilt lager
- Skopvask
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn med fagbrev
- Helsesekretær
- Sterilforsyningsteknikar
- Erfaring kan oppveie for utdanning
- Gode kunnskapar i norsk - både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Samarbeide godt i team
- Forståelse for hygieniske prinsipp
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Takle stress i periodar
- Ryddig, strukturert og serviceinnstilt
- Godt humør
Vi tilbyr
- God opplæring blir gitt i avdelinga
- Godt arbeidsmiljø
- Gode kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Lønn etter gjeldene tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Gro Helen Reiersgård, Seksjonsleiar, 477 60 903Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4880899751
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 10.02.2025
Sluttdato: 08.02.2026
Søknadsfrist: 03.12.2024
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2785478
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f10a1ec232ed46a0b22a7d06179e4a49