Vil du bli vår nye journalist?
Bladet Tysnes As
Tysnes
Om jobben
Stillingstittel
Journalist
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du bli vår nye journalist?
Bladet Tysnes søker etter ny fast journalist i 100 prosent stilling. Me er lokalavisa for Tysnes kommune, som ligg i hjarta av Sunnhordland, berre ein liten time frå Bergen sentrum. Me produserer papiravis for innbyggjarane og ferierande ein gong i veka, og er raskt på nett med aktuelle saker frå lokalsamfunnet.
Som vår nye journalist ynskjer me at du skal bidra til å løfta og utvikla avisa vidare, til glede både for dei som les digitalt og på papir. Me er opptatt av å få fram dei gode historiene frå vår flotte kommune, og samtidig setja søkelyset der søkelyset bør setjast. Me dekker alle sider av lokalsamfunnet, frå politikk og krim til sport og kulturliv, og som journalist i Bladet Tysnes får ein prøva seg innanfor dei fleste felt.
Me ser etter deg som:
- elsker lokalaviser, og ynskjer å vera med og fortelja dei gode, lokale historiene
- er entusiastisk og har godt humør
- kan jobba sjølvstendig og i lag med andre
- vil bidra til eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Du får:
- ein variert og spennande arbeidskvardag
- stor tillit, mykje ansvar og moglegheit til å påverka utviklinga av avisa
- sjansen til å jobba med eigne idear og saker
- moglegheiter for kurs og fagleg påfyll
Journalist-/medieutdanning eller erfaring frå avis er ein fordel, men me oppmodar alle med ein draum om å bli journalist til å søka.
Som journalist må ein disponera eigen bil.
Om Tysnes:
Tysnes kommune ligg sentralt plassert i Sunnhordland, og er ein kommune med nesten 3.000 innbyggjarar. Tysnes er kjend for storarta natur og eit rikt lag- og organisasjonsliv. Det største årlege høgdepunktet for mange er Tysnesfest, som samlar tusenvis av menneske frå heile Vestlandet til folkefest midt på sommaren.
Søknad og CV kan sendast til redaktør og dagleg leiar Randi Kleppe. E-post: randi@tysnesbladet.no
Ta gjerne kontakt viss det er spørsmål om stillinga. Tlf: 45 86 21 85
Søknadsfrist er 4. august. Søknadar blir vurderte fortløpande.
Om bedriften
Bladet Tysnes er den leiande mediebedrifta i vakre Tysnes kommune. Avisa har eit høgt abonnementstal i høve til innbyggjartal, og er eit viktig bindeledd mellom fastbuande, utflytta tysnesingar og ferierande. Me gir ut papiravis éin gong i veka og publiserer kontinuerleg på nett. Redaksjonen held til i moderne lokale i Våge.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2703392
- Sist endret
5. august 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3f6745cc-53b3-41d8-bbcc-47d4ebe9f10e