Barne- og ungdomsarbeidar
Valle og Hylestad barnehagar, Valle kommune
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Om jobben
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Valle er ein kommune i utvikling, og plutseleg treng vi enno ein barne- og ungdomsarbeidar i barnehagane! I Valle og Hylestad barnehagar er vi ein gjeng trivelege tilsette med godt humør som er glad i å jobbe med barn. Jobben vår er å bidra til å gi barn og unge ein god barndom, og kva kan vere meir meiningsfylt enn det? Har du lyst til å jobbe saman med oss, og i tillegg ei utdanning som barne- og ungdomsarbeidar? Då bør du gripe denne sjansen!
Vi har no følgjande stilling ledig som barne- og ungdomsarbeidarr:
- 1 stilling i 100% frå 1. august 2023
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å planlegge, gjennomføre og dokumentere pedagogisk arbeid i barnehagen
- Omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa
- Samarbeid med føresette
- Vere ein god rollemodell
- Bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
Kvalifikasjonar
- Godkjent barne og ungdomsarbeidar eller anna relevant utdanning (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved godkjenning frå NOKUT)
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunne arbeide sjølvstendig og målretta
- Positiv, løysingsorientert og engasjert
- Varm, tydeleg og sensitiv vaksen
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Eit spennande fagleg miljø i endring og utvikling
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte vaksne
- Løn etter gjeldande tariff
- Bedriftsleilegheit sentralt i Kr.sand
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
- Ei triveleg bygd å bu i
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
CV, vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregast av mangfald.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Stine Haugeland, Leiar Valle og Hylestad barnehagar, 98667143, stine.haugeland@valle.kommune.noArbeidssted
Kjellebergsvegen 14747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Valle kommuneReferansenr.: 4665494442
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2023
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2343700
- Sist endret
5. juni 2023
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cb17bffa10954633ace6fe1de72e36fc