Helland barneskule
Vestnes kommune Helland barneskule
Skulevegen 2, 6390 Vestnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstillingar - Helland barneskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 11. mars
Stillingstype
Det er ledig 3 x 100 % faste undervisningsstillingar ved Helland barneskule frå 01.08.2025. Vi søkjer etter lærarar som kan undervise på 1.-7.stega. Vi søkjer og etter lærarar som kan ta på seg kontaktlærarfunksjon.
Vikariat:100 % vikariat undervisningsstilling for perioden 01.08.2025-31.12.2025 og 100 % vikariat undervisningsstilling for perioden 01.08.2025-09.03.2026.
Om ein søkjer på fleire ledige undervisningsstillingar ved andre skular, så hugs å skrive dine ønskjer i prioritert rekkefølge.
Utover våren kan det bli ledige lærarstillingar ved skulen som følge av oppseiingar og/eller permisjonar. Desse stillingane vil bli tatt med i tilsettingsprosessen. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.
Arbeidsoppgåver
- undervisning og rettleiing av elevar
- vurderingsarbeid vert lagt vekt på gjennom ulike former for elevvurdering
- motivere elevane til innsats for eiga læring
- tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- samarbeid med elevar, føresette og kollegaer
- rettleie elevar fagleg og sosialt
Kvalifikasjonar
- Følgande fag er av særleg interesse: norsk 30 stp., matematikk 30 stp., engelsk 30 stp. og kroppsøving
- andre fagområde er også aktuelle
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- ha god kommunikasjonsevne
- digital kompetanse
- bidra til teamutvikling
- engasjert og fagleg dyktig
- det blir stilt krav om politiattest
- det vert stilt krav til allmennlærarutdanning eller tilsvarande pedagogisk utdanning
- personlege eigenskapar vil og bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- kan jobbe sjølvstendig og strukturert
- er opptatt av barn og unge si læring og utvikling
- kan rettleie elevane til godt læringsutbytte
- har fokus på klasseleiing
- opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
- er løysingsfokusert og utviklingsorientert
- er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
- ein arbeidsplass med fokus på utvikling
- ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale
- funksjonstillegg kontaktlærar kr 40.000,- pr. år
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.
Referansar
Oppgi referansar
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.
Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Søkjarlista kan bli offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2853185
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3458327_191799_nn