Pedagogiske leiarar
Org. nr: - Stillingsident: 4191241712 Presentasjon av stillingen:
I Volda kommune kan det frå 1. august 2020 verte ledig både faste stillingar og vikariat i dei 8 kommunale barnehagane.
Behovet ved den einskilde barnehage vert klart etter samordna barnehageopptak for barnehageåret 2020/2021. Tilsetjing vil skje samanhengande og fortløpande fram til barnehagestart.
Sektor for oppvekst sin visjon er: Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærar.
Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.
Fleire av barnehagane våre er praksisbarnehagar, og dei som får tenestestad ved desse må vere budde på å ta på seg rettleiingsoppgåver for studentar.
Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppeintervju og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 18.03 og 31.03. Andre datoar kan og verte aktuelle.
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Dei som vert tilsette, må legge fram tilfredstillande politiattest av nyare dato og utfylt tuberkolose og MRSA-skjema for styrar, jf barnehagelova §19 og §23.
Arbeidsoppgåver
Du :
-
er ein del av barnehagen sitt pedagogiske leiarteam
-
har ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet både for det einskilde barn og barnegruppa
-
har ansvar for å legge tilrette for eit godt og trygt omsorgs- og læringsmiljø i nært samarbeid med barn, foreldre og kollegaer
-
har ansvar for tverrfagleg samarbeid med både interne og eksterne samarbeidspartar
-
har medansvar for utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
-
har medansvar for at personalet arbeider mot felles målsetjingar
-
deltar på møte, kurs og endrings- og utviklingsarbeid og halde deg fagleg oppdatert.
-
må vere ein raus og tydeleg leiar som rettleiar både barn og vaksne
-
får vere ein del av ein arbeidsplass der vi utvikler, ser og oppmuntrar kvarandre
-
får arbeidsoppgåver som vert delegert frå styrar
Kvalifikasjonar
Du har:
-
godkjent utdanning som barnehagelærar
-
gode evner til kommunukasjon
-
god framstillingsevne munnleg og nynorsk skriftleg
Vi ser det som ein fordel at du har leiar- og rettleiingskompetanse.
Det er positivt om du har kompetanse og interesse i estetiske fag, friluftsliv, IKT, realfag, kompetanse for mangfald og språk.
Personlege eigenskapar
Du :
-
prioriterer barna sin leik, læring og medverknad i ein hektisk kvardag
-
har evne til å bygge gode relasjonar og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
-
har evne til å lytte og søkje gode løysningar
-
har høg fagleg kompetanse og evne til refleksjon om eigen og felles praksis
-
er engasjert og motivert i arbeid med barn, foreldre og kollegaer
-
er ein tydeleg og autoritativ vaksen
-
er endrings- og utviklingsorientert
-
kan arbeide sjølvstendig og systematisk samtidig som ein søkjer samarbeid med kollegaer for å nå felles mål
-
kan vere tydeleg på forventningar og tilbakemeldingar
Vi tilbyr
Vi kan tilby:
-
utfordrande og spennande oppgåver i barnehagar som er i stadig utvikling
-
eit kreativt og samarbeidande miljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling
Stillingane er plassert i kap 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Volda kommune har god, offentleg pensjonsordning i KLP.
Kontaktinformasjon
Bodil Brautaset
Arbeidsstad
Stormyra 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Volda kommune
Referansenr.:4191241712
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 04.03.2020
Om bedriften
Volda kommune ligg sentralt på Sunnmøre, med sjukehus og høgskule i umiddelbar nærleik. Kvart år kjem 4000 studentar og set sitt preg på lokalsamfunnet. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom Kvivstunellen og Eiksundsambandet. Frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden går det direkteruter til Oslo og Bergen. Lokalsamfunnet er i utvikling og kommunen har spenstige samarbeidsprosjekt med idretten og Høgskulen i Volda om ny idrettshall og nytt mediebygg. Volda er ein ny kommune som frå 01.01.2020 vart eit resultat av samanslåing av tidlegare Volda og Hornindal kommunar.
I Volda kommune er det om lag 1000 dyktige og engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for kommunen sine innbyggjarar. Ønskjer du ein meiningsfylt jobb med utfordrande oppgåver og gode kollegaer, er Volda kommune eit spanande alternativ.