Barnevernspedagog/ sosionom med klinisk vidareutdanning
Poliklinikk BUP Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde
Om jobben
Stillingstittel
Barnevernspedagog/ sosionom med klinisk vidareutdanning
Oppstart
1. mai 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har ledig vikariat for klinisk sosionom/ barnevernspedagog med erfaring frå arbeid med barn i alderen 6-18 år og familien deira.
Søkjarar som ikkje er ferdig med, eller ikkje har starta med si kliniske utdanning, er også velkomne til å søkje.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP), og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining Ålesund og ei familieeining i Molde. BUP i Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Våre tilsette på poliklinikken består av fleire yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team. Vi har blant anna eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes OCD, TF-CBT, FBT og PEF. Vi har også eige nevroteam med eigen ADHD sykepleiar. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver for desse er forventa arbeidsoppgåve.
Dersom du synest dette høyrast spennande ut, og du tenkjar du har relevant kompetanse, så ønskjer vi å kome i kontakt med deg!
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og unge med psykiske vanskar
- Utgreiing og behandlingsarbeid gjennom samarbeid med foreldre og andre samarbeidspartar
- Ansvar for framdrift og koordinering av pasientforløp
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
- Samarbeid internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Sosionom/ barnevernspedagog eller tilsvarande høgskoleutdanning
- Ønskje om klinisk vidareutdanning, t.d. som familieterapeut
- Erfaring frå arbeid med barn, ungdom og familiar
- Gjerne erfaring frå foreldrerettleiing både individuelt og i gruppe
- Ønskje om erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Ved tilsetting må politiattest leggast fram
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidar
- Du er målretta, løysningsorientert og fleksibel
- Du har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i eit aktivt arbeidsmiljø med høgt tempo
- Du er god til å strukturere din eigen arbeidskvardag
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Byen vår!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Kontaktinformasjon
Kristin Silseth, Seksjonsleiar, +47 41635875, kristin.silseth@helse-mr.noArbeidssted
Nøisomhedvegen 126416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4910588778
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2862959
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a1625d8e5a9c46808319475f45eca219