Dagleg leiar - Rygjatun Eigedom AS
Rygjatun Eigedom As
Rygjatunvegen 22, 4230 Sand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Daglig leder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Send søknad til
Rygjatun Eigedom AS søkjer etter ein engasjert og dyktig dagleg leiar i inntil 100% stilling, medrekna daglege arbeidsoppgåver og vaktordning. Har du ei sterk interesse for leiing og utvikling, samt eit hjarte for ungdom? Då kan dette vere jobben for deg!
Me ser etter akkurat deg med gode administrative og organisatoriske evner. Du trivst med å effektivisere rutinar og prosessar, og du evnar å motivere, samarbeide og få det beste ut av medarbeidarane dine. Me ynskjer oss en leiar som del vår visjon, og er engasjert i å skape eit positivt arbeidsmiljø, samt bidra til vekst og utvikling. Dersom du er klar for å ta på deg denne spennande utfordringa, oppmodar me deg til å søkje!
Dine oppgåver vil inkludere:Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast i samband med større arrangement og andre hendingar.
Eigna personlege kvalifikasjonar er avgjerande for kven som vert tilsett. Relevant erfaring vil og telje med.
Den som vert tilsett må ha godkjent politiattest.
Me tilbyr:
Me ser fram til å motta din søknad og CV, samt høyre korleis du kan bidra til utviklinga av Rygjatun Eigedom AS.
Send søknad med CV til post@rygjatun.no
Tilsetting frå 1.mars 2025 eller etter avtale
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med styreleiar Torkel Myklebust på tlf 41447800, eller:
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Rygjatun Eigedom AS driv internat for om lag 75 elevar ved Toppvolley Norge, Sauda VGS sin avdeling på Sand. Elevane kjem frå heile landet for eit 3-årig utdanningsløp, som kombinere skule og toppidrett. Me har ei svært aktiv og målretta elevgruppe som er vant til lange skule- og treningsdagar.
Vår hovudoppgåve er å skapa eit godt, trygt og inkluderande internatmiljø, samt tilby næringsrike måltid. I tillegg driftar me kantina på skulen, utføre reinhaldtenester for Introtenesta i Suldal kommune, som held til i same lokale som oss, og arrangera ulike aktivitetar i samarbeid med Toppvolley Norge.
Me er ein aktiv aktør med ambisjonar om å utvikle eit heilskapleg tilbod innan idrett, arrangement og folkehelse, saman med andre aktørar på Eide.
Rygjatun Eigedom AS har til saman om lag 7 årsverk og er eigd av Suldal kommune.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2807219
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3ee49132-09c2-489d-a386-c06017c8e1c5