Ledige stillingar i Pleie og omsorg, fast og vikariat
Sjukepleiar, helsefagarbeider og assistent
Me har ledig desse stillingane i pleie og omsorg;
80 % fast stilling som sjukepleiar frå 1. oktober, 3 delt turnus
100 % vikariat som hjelpepleiar/helsefagarbeidar frå 1. august til 31. juli 2020, 3 delt turnus
60 % fast stilling som assistent på vaskeri og postkjøkken
Me ynskjer personar som nyttar faget og erfaringar til å:
- møte brukarar med respekt
- gje brukarar god omsorg og behandling
- gje brukarar tryggheit og trøyst
- gje brukarar gode samtalar, støtte og motivasjon
- bidra til god samhandling mellom kollega, brukarar og pårørande
Krav til/ønskje om utdanning
- offentleg godkjent autorisasjon som sjukepleiar
- offentleg godkjent helsefagarbeidar
- assistent, ingen formell utdanning
Ellers ynskjer me personar som har:
- gode norskkunnskapar
- høg grad av struktur, fleksibilitet og evne til problemløysing
- evne til å arbeide i eit hektisk miljø, tett på tilsette og brukarar
- evne til å arbeide sjølvstendig og bidra til godt samarbeid
- ha fagkompetanse som bidreg til fagutvikling og kvalitetssikre tenester til brukarar
- god IT kunnskap
- gjerne førarkort kl B (sjukepleiar og helsefagarbeidar)
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Lønnsvilkår
Lønn etter tariff
Pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP
Send søknaden via
Lærdal kommune si heimeside: www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar"
Søknadsfrist 30.06.2019 Utlyst dato 03.06.2019 Vårref 668
Kontaktperson
Brita Einemo, Einingsleiar pleie og omsorg, mobil: 90740102, brita.einemo@laerdal.kommune.no
Om bedriften
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. Vi er eit aktivt og framtidsretta samfunn som for tida arbeider med heile 30 ulike omstillingsprosjekt.
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.