Seksjonsleiar ved seksjon for førebygging
FF-Felles eining for førebygging, Vest politidistrikt
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Seksjonsleder Forebyggende seksjon
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. januar
I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for førebygging, er det ledig stilling som politinspektør (stillingskode 0290) med funksjon som seksjonsleiar ved seksjon for førebygging. Vi søker ein fremtidsretta leiar med relasjonelt mot, som evnar å utforda det etablerte.
Felles eining for førebygging (FF) er ei funksjonell eining. Eininga har eit særskilt ansvar for å sikre at førebygging blir ein del av politiet sitt strategiske arbeid og at politidistriktet sitt arbeid er kunnskapsstyrt. Felles eining for førebygging har overordna ansvar for politidistriktet si samhandling med andre samfunnsaktørar på politidistriktnivå. Eininga består av to seksjonar, Statens Barnehus Bergen og Seksjon for førebygging. Driftseininga har om lag 34 tilsette med stor variasjon i erfaring, kompetanse, kjønn og alder.
Seksjon for førebygging har fag- og koordineringsansvar for politidistriktet si førebyggjande verksemd i Vest politidistrikt. Seksjonen består av fleire førebyggjande funksjonar, som førebyggjande koordinator, radikaliseringskontakt, koordinator for trusselutsette, politiets Nettpatrulje, næringslivskontakt, mangfaldskontakt, og pårørandekoordinator.
Seksjonen består av kompetente medarbeidarar med variert bakgrunn. Dei fleste er spesialistar på fagområda sine. Me fokuserer på kontinuerleg fag- og metodeutvikling som inkluderar stor takhøygd og god. tilbakemeldingskultur.
Arbeidsoppgåver
- Personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar for seksjonen
- Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved seksjonen spesielt og i organisasjonen generelt
- Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
- Følge opp strategiske beslutningar og iverksette/beslutte endringer innan eiga seksjon
- Bidra til at førebygging blir en del av Vest politidistrikt sitt strategiske arbeid
- Bidra til at seksjonen er i kontinuerleg utvikling innan fag- og metode, og bidra til at Vest politidistrikt jobbar kunnskapsbasert
- Bidra til ein meistringskultur med åpenhet og rom for tilbakemeldingar
- Leggja til rette for stor grad av samhandling med andre einingar både internt og eksternt
- Delta i leiargruppa i eininga
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
Nødvendig- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis på høgskule/universitetsnivå
- Leiarerfaring vektlegges og kan i særlige tilfeller kompensere for kravet til utdanning
- Kunnskap og erfaring med HMS
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
- Brei politifagleg erfaring
- God munnleg og skriftleg framføring i norsk og engelsk
- Må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELEG
Du må ha plettfri vandel og være skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
- Erfaring frå arbeid med forebygging/risikohåndtering er ein fordel
- Erfaring fra etterforsking/etteretning/analyse er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode leiaregenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidarar
- Gode kommunikasjonsevner og vere ein god relasjonsbyggjar både internt og eksternt.
- Evne til handla i eit strategisk og heilskapleg perspektiv, og bidra til god verksemdsutvikling
- Nysgjerrig og åpen for mangfald
- Ansvarsbevisst og sjølvstendig
- Resultat- og løysingsorientert med god gjennomføringsevne
- Samfunnsorientert og med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag
Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattform
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Stillinga blir lønna som seksjonsleiar, politiinspektør SKO 0290 frå kr 1 001 500,- . Vidare
lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten. - Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfold er en styrke. Vi treng medarbeidere med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgaveløysning. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjer i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane danner grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.
Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
Saksnr. 24/234109
Kontaktinformasjon
Kari Marie Kjellstad, Driftseiningsleiar, 97056377Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4869907870
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 12.01.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Kari Marie Kjellstad
Driftseiningsleiar
97056377
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2811427
- Hentet fra
talentech
- Referanse
22517d34b6f549df8f5d8141b8d140ca