Fagarbeidar
Voss herad Skulestadtunet/vegen fellesbustad
Voss
Om jobben
Stillingstittel
80% fast stilling i Skulestadtunet og Skulestadvegen
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ynskjer du ein gjevande og meiningsfull jobb med fokus på god livskvalitet i eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer? Då må du søkje her!
Skulestadtunet og Skulestadvegen har ledig 80% fast stilling som fagarbeidar med oppstart 01.12.2024 eller etter avtale.
Om arbeidsstadenStillinga er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne, for tida i Skulestadtunet og Skulestadvegen omsorgsbustader. Her er det til saman 12 bebuarar som bur i eigne leilegheiter. Bebuarane er ein aktiv gjeng og fleire av dei deltek på ulike aktivitetar som til dømes fotball, musikkgruppe og badegruppe. Me har òg eit ambulerande team, der me gjev tenester til personar som bur i eigne leilegheiter i nærområde. Stillinga er i turnus med jobb kvar 4.helg, dag- og seinvakter, langvakter og kvilande nattevakt.
Me har eit fokus på kvardagsmeistring og jobbar for å ivareta bebuarane på best mogleg måte ved å gje tenester med fokus på sjølvstende og sjølvråde. Bebuarane skal få bistand til å ta eigne val ved hjelp av rettleiing og avgjerdsstøtte. Dette krev at personalet kan sjå den enkelte, og legge til rette for individuelle behov.
Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande
Arbeidsoppgåver- Legge til rette for å delta i kvardagslege gjeremål og aktivitetar
- Målretta miljøarbeid
- Medikamenthandtering
- Primærkontaktansvar
- Skapa tryggleik og struktur
- Delta saman med bebuarane på turar og fritidsaktivitetar
- Praktiske gjeremål og andre delegerte oppgåver frå leiar
- Vere løysingsorientert og fleksibel om uventa situasjonar eller endringar oppstår
- Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for bebuarane på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking og har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp.
- Arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål til trening/motiveringsarbeid, oppfylging av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande
- Alle bebuarane har tiltaksplanar og dokumentasjon skal utførast i fagprogrammet Gerica
- Du må ha god datadugleik
- Alle må bidra i primærgrupper rundt bebuarane og ta ansvar for å gjennomføre tiltak, oppdatere tiltaksplanar, halde seg orientert om endringar, og rapportere i Gerica
- Fagarbeidar med relevant utdanning (helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, aktivitør). Assistent med relevant erfaring kan bli vurdert til fagutdanningstillinga
- Kunnskap om og interesse for å arbeide innan fagfeltet menneske med nedsett funksjonsevne
- Fordel om du har kjennskap til MinGat og Gerica
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Evne til omstilling og fleksibilitet
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Førarkort klasse B
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Fadder under opplæringstida
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2758795
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3406389_213071_nn