Sjukepleiar, helsefagarbeidarar og assistentar
Vågsøy kommune PRO
Gate 1 120, 6700 Måløy
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Org.nr.:942 952 880 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Ledige stillingar i heimetenesta område Fastlandet
Sjukepleiarar
- Sjukepleiarar 100% fast stilling i heimetenesta frå snarast.
Ynskje om anna stillingsprosent vert vurdert.
Helsefagarbeidarar
- Helsefagarbeidarar 100% fast stilling i heimetenesta frå snarast.
Ynskje om anna stillingsprosent vert vurdert.
Vi har og ledig:
- Faste helgestillingar kvar 2. eller 3. helg frå snarast.
- Tilkallingsvikarar som kan ta ledige vakter på kort varsel.
- Vikariat i kortare eller lengre periodar med ulik grad av stillingsstorleik frå snarast.
Base både på Bryggja og Kulatoppen omsorgssenter.
Vi oppmodar særskilt ungdom og studentar som kan tenke seg å prøve ut omsorgsyrket til å søke dei ledige helgestillingane.
Assistentar
- Vi har ledige vikariat med minimum 60% stilling med moglegheit for fast tilsetjing. Arbeid til kvar tid gjeldande turnus. Stillingane gjeld ung brukar og oppgåvene er knytt til personleg hjelp og trening med base i brukar sin heim.
Ledige stillingar på Kulatoppen institusjon
Sjukepleiar
- Sjukepleiar 100% fast stilling frå snarast.
Ynskje om anna stillingsprosent vert vurdert.
Helsefagarbeidar
- Helsefagarbeidar 80% fast stilling frå snarast.
Ynskje om anna stillingsprosent vert vurdert.
Kvalifikasjonar:
- Har norsk autorisasjon som sjukepleiar/helsefagarbeidar
- Er kreativ, engasjert og tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og i team
- Har positiv haldning og gode samarbeidsevner
- Har gyldig arbeids- og opphaldsløyve
- Har dokumentert norskkompetanse tilsvarande bestått norsk språkprøve nivå 3 /B2 skriftleg og munnleg eller tilsvarande
- Beherskar dei vanlegaste IKT-verktøya (word/excel/internett/e-post) samt har god kunnskap om bruk av dokumentasjonsverktøy
- Har førarkort klasse B
Vi kan tilby:
- Opplæring
- Utfordringar og spennande arbeidsoppgåver
- Dyktige medarbeidarar
- God pensjonsordning og løn etter kommunal tariff
- Ryddige arbeidsforhold
- Sjukepleiarar i turnus får ekstra tillegg på kr. 28.000,- pr. år
Vi legg vekt på personlege eigenskapar som:
- Har positive haldningar og set brukaren i fokus
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
- Er fleksibel, strukturert, løysingsorientert og arbeider sjølvstendig
- Kan jobbe i 2-delt eller 3-delt turnusordning
- Evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap og nytte dette aktivt i arbeidet
- Har evne til refleksjon og empati
- Arbeider tverrfagleg i team og på systemnivå
Den som vert tilsett må leggje fram politiattest av ny dato. Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men må leggjast fram av den som vert tilbydd stillinga før ein kan tiltre stillinga.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar som ønskjer unntak frå offentleg søkjarliste må grunngje dette særskilt i søknadsteksten i søknaden.
For nærare opplysningar kan du kontakte:
Tenesteleiar på område Fastlandet, Annette Hovden, tlf. 578 45 650 eller mobil 454 78 472
Tenesteleiar Kulatoppen institusjon, Margreet Maijer, tlf. 578 45 630 eller mobil 474 69 765
Alle søkjarar til ledig stilling i Vågsøy kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Vi ber om at referanse vert oppgjeve.
Søknadsfrist: 12.05.2019 Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Margreet Maijer, Mobil +47 474 69 765
Om bedriften
Vågsøy kommune er ei naturperle som ligg ytst i Nordfjord mellom Ålesund og Bergen. Næringslivet er aktivt med hovudvekt på marine næringar. Kommunen har eit godt utbygd barnehage- og skuletilbod, kultur- og idrettstilbod og eit fatastisk turterreng. Kommunen har omlag 6100 innbyggjarar. Måløy er kommunesenter. For meir informasjon om regionen sjå www.nordfjord.no.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
325863
- Sist endret
25. mai 2019
- Hentet fra
stepstone
- Referanse
vac2282765dep140737_Vågsøy kommune PRO_stepstone