Kursadministrator
Sauda vidaregåande skule har om lag 100
tilsette for å gi nærare 450 elevar og vaksne deltakarar eit breitt tilbod
innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Skulen har tre
avdelingar, to i Sauda og ein i Suldal. Skulen har status som regionalt
kompetansesenter for indre Ryfylke og er samstundes eit av seks
vaksenopplæringssenter i Rogaland.
Vi
samarbeider tett med offentlege verksemder og regionalt næringsliv. Målet vårt
som regional utviklingsaktør er å skape gode arenaer for utdanning og
utvikling. Visjonen vår er ”Me vil meir”.
Arbeidsoppgåver
Skulen sitt tilbod til vaksne skal byggjast ut i tråd med nasjonale føringar. Det overordna målet er at ingen skal gå ut på dato som følge av manglande kompetanse, og at arbeidslivet i regionen skal få tilgang til den kompetansen dei treng. Skulen skal legge til rette for at fleire vaksne kan ta vidaregåande opplæring, kurs, sertifisering, og høgare utdanning der dei bur i kombinasjon med jobb og familie.
Skulen lyser ut ei 50 % stilling for å styrke dette arbeidet. Stillinga kan kombinerast med andre utlyste stillingar på skulen
Sentrale oppgåver kan vere:
- Organisere utdanningar, kurs og sertifiseringar for arbeidslivet
- Samarbeid internt på skulen og med eksterne samarbeidspartnarar
- Marknadsføring og kommunikasjon
Stillinga krev:
- Relevant 3-årig U/H-utdanning (minimum 180 studiepoeng)
- Godkjent politiattest
- Førarkort kl B
Relevant praksis samt relevant fagbrev eller annen utdanning og gode personlige egenskaper kan kompensere for utdanningskravet til stillingen. Stillingen vil da bli innplassert som konsulent.
Ønska kvalifikasjonar:
- Godkjent pedagogisk utdanning PPU
- God skriftleg og munnleg framføringsevne
- God kunnskap om digitale verktøy
- God kjennskap til lokalt arbeidsliv
- Kjennskap til vidaregåande opplæring
- Erfaring med vaksenopplæring
- Erfaring med digital undervisning
Personleg dugleik vil bli lagt vekt på. Skulen søker ein person som kan arbeide sjølvstendig, men som samstundes byggjer relasjonar og bidrar til godt samarbeid. Stillinga inneheld varierte arbeidsoppgåver og det vil vere viktig med ein person som kan finne løysingar, er strukturert og kan vere fleksibel
Vi tilbyr:
- utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
- høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
- gode faglege utviklingsmoglegheiter
- offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
- lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Om du finn skulen og stillingane interessante, men manglar delar av kompetansen, oppfordrar me deg likevel til å søka.
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.
Kontaktinformasjon
Lisbet Bakka, 90102124Arbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommuneReferansenr.: 4784280329
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2024