Off. godkjent sjukepleiar
Omsorg og sjukeheim, Ørstaheimen avd. Bakketun
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Off. godkjent sjukepleiar Bakketun
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Er du sjukepleiar og ser etter nye utfordringar? Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ønsker å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Stillinga er pr. idag plassert på Ørstaheimen, avd. Bakketun. Bakketun er ei skjerma avdeling for demente med 16 plassar, fordelt på to grupper. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året.
Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.
- Sjukepleiefaglege oppgåver
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Søkjar må vere off. godkjent sjukepleiar
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Relevant arbeidserfaring
- Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
- Tek initiativ og ansvar
- Du er engasjert, løysingsorientert
- Søkjer faglege utfordringar
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Gode evner til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde.
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Kompetanseutvikling gjennom e-læring, internundervisning og kurs
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka timetal på helg
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode 7174 - Sjukepleiar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Kyrre Skavøy, Avd.leiar, 48 12 38 01, kyrre.skavøy@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 95 71 21 20, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4852244421
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2732259
- Hentet fra
talentech
- Referanse
96905b0bb80f4c5a9f9f6f023795687a