Viktig ingeniør stilling innan Energi
Telemark Nett AS
Høydalsmo
Om jobben
Stillingstittel
Energi-Ingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid
Antall stillinger
1
Energi-ingeniør Telemark Nett AS har ledig stilling som energi-ingeniør (nettingeniør), ved hovudkontoret i Høydalsmo.
Arbeidet vil omfatte planlegging, bygging og drift av kraftlagets nettanlegg, samt utvikling og drift av støttefunksjonar for dette.
Stillinga inngår i ein ingeniørstab på 8 personar som alle rapporterer til driftsleiar/nettsjef. Ein må rekne med å bli pålagt deltaking i vaktordning som overordna vakt. Nødvendig opplæring vil bli gjeve.
Vi søkjer ein person med elektroteknisk utdanning, på bachelornivå/teknisk fagskule. Stillinga har ein del formell sakshandsaming mot styresmakter og andre samfunnsaktørar, samt mykje kunde- og grunneigarkontakt. Gode evner til å uttrykke seg skriftleg og munnleg vil difor bli vektlagt. Du evnar å arbeide sjølvstendig, samtidig som du er ein god team-medarbeidar.
Vi kan tilby
- Ein spanande og fagleg interessant stilling med varierte utfordringar.
- Høve til å jobbe i eit dedikert team med erfarne fagfolk som både driftar og utviklar ny kraftproduksjon.
- Konkurransedyktige vilkår og gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Konkurransedyktig løn og gode pensjons- og velferdsordningar.
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor.
Spørsmål om stillinga kan rettast til nettsjef Telemark Nett, Gunnar Snarteland (tlf. 970 78 008) eller til dagleg leiar Svenn-Erik Rafoss (tlf. 912 47 429).
Søknad med CV og kopi av dei viktigaste vitnemål/attestar vert å sende pr. e-post til firmapost@vtk.no . Merk: Søknad Energiingeniør - nett
Søknadsfrist: 15. april 2024
Om bedriften
Vest Telemark Kraftlag (VTK) blei stifta 13. september 1940 og er i dag eit konsern der VTK Holding AS er morselskap; - eigd av kommunane Tokke, Vinje, Fyresdal, Kvitseid, Seljord og Nissedal i Vest-Telemark. I konsernet er det to dotterselskap, Telemark Nett AS og VTK AS. Telemark Nett AS har eit samla nett (lågspent og høgspent) på over 3000 km for å forsyne sine 15.500 nettkundar. VTK AS driv med kraftproduksjon, kraftomsetning og fiber. Kraftproduksjonen er primært knytt opp mot deleigde selskap, der Skafså Kraftverk ANS og Sundsbarm Kraftverk DA er dei største. VTK AS har ein total produksjonstilgang på ca. 280 GWh. VTK AS har om lag 10 500 kundar på kraftomsetning. Fibernettet blir leigd ut til deleigd dotterselskap Telefiber AS som har om lag 7000 kundar. Konsernets aktivitetar er samla på Høydalsmo i Tokke kommune. Nettselskapet har ei avdeling i Treungen i Nissedal kommune. Konsernet hadde i 2023 ei omsetning på 535 mill.kr og om lag 60 tilsette.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2600262
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
FINN
- Referanse
344922221