Engasjert samfunnsvitar
Org. nr: 982 391 490 Stillingsident: 4067794833 Presentasjon av stillingen:
Stiftelsestilsynet sitt samfunnsoppdrag er å sikre at norske stiftelsar driv lovleg og bidra til at stiftelsar kan vere ein attraktiv måte å utvikle samfunnet på. Du møter stiftelsar i ditt nærmiljø gjennom aktivitetar for dei svake i samfunnet og gjennom engasjement for ytringsfridom, kultur, friluftsliv, utdanning og forsking.
Vi søkjer etter ein engasjert samfunnsvitar som har lyst til å vere med på å drive fram moderne tilsynsarbeid. Stillinga blir lyst ut som rådgjevar/seniorrådgjevar.
Arbeidsoppgåver
- statistikkarbeid, analyse og utgreiing på stiftelsesområdet
- tilsyn etter stiftelseslova
- rettleiing og kunnskapsformidling
- saksbehandling
- utviklingsarbeid
- dialog med samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- mastergrad i samfunnsvitenskaplege fag
- god munnleg og skriftleg formuleringsevne, gjerne med erfaring frå rettleiing og formidling
- erfaring frå statistikk- og analysearbeid og kunnskapsformidling
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ, løyser problem og samarbeidar godt med andre
- Du er strukturert og analytisk
- Du er samfunnsengasjert og har evne til å tenke heilskapleg
- Du har gode kommunikasjonsevner
Det vil verte lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- tverrfagleg arbeidsmiljø med breitt samansett kompetanse og erfaringsbakgrunn
- positive og engasjerte medarbeidarar med stor interesse for sine fagområde
- varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der du kan påverke din eigen arbeidskvardag
- gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk, også når det gjeld vidareutdanning, kurs og opplæring
- medlemskap i Statens Pensjonskasse, som gjev gunstige pensjons- og lånevilkår
- fleksibel arbeidstid og betalt overtid
- moderne kontorbygg i Førde sentrum, m.a. med eige treningsrom og kantine
- IA-bedrift
- lønsplassering skjer på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet.
Rådgjevar blir løna i stillingskode 1434, og seniorrådgjevar i stillingskode 1364. Frå løna blir det trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har seks månaders prøvetid. Lotteri- og stiftelsestilsynet er opptatt av mangfald, og vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du opplyse om dette og grunngje det i søknaden. Opplysingar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Du vil bli varsla dersom di oppmoding om reservasjon ikkje vert teken til følgje.
Kontaktinformasjon
May Helen Vik, seniorrådgjevar, 906 49 003, mvi@lottstift.no
Siw Heggedal Longvastøl, avdelingsdirektør, 900 74 974, shl@lottstift.no
Arbeidsstad
Storehagen 1B
6800 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Lotteri- og stiftelsestilsynet
Referansenummer:4067794833
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 09.05.2019
Om bedriften
Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass med 70 kunnskapsrike og engasjerte tilsette. Vi er to statlege tilsyn i ein organisasjon - begge med eit viktig samfunnsoppdrag.
Vi skal vere eit av samfunnet sine viktigaste virkemiddel for å sikre ansvarlege pengespel, sterk frivilligheit og trygge stiftelsar.
Dei to tilsyna har felles administrasjon og held til i Førde. Sjå www.lottstift.no