Rådgivar - mobilitet- og forretningsutvikling for FRAM
Vi søker etter
ein rådgivar med ansvar for å utvikle og posisjonere FRAM i mobilitetsmarknaden. Ein spennande marknad i rask utvikling som krev tett samarbeid med utvikling- og innovasjonsmiljø, både frå privat og offentleg sektor.
Som rådgivar vil du arbeide i marknadseksjonen til FRAM, i den nyoppretta lokasjonen på F13 i Kristiansund. Her er vi i ferd med å sette saman eit sterkt og tverrfagleg miljø på om lag 40 medarbeidarar, innanfor fleire av våre tyngste fagområde. Dette miljøet skal bidra til å realisere Campus Kristiansund, der vi skal skape eit framtidsretta og moderne kunnskapsmiljø for forsking, innovasjon, høgare utdanning og kunnskapsdeling.
Du får jobbe med
- å definere, bygge opp og lansere tenester som bidreg til sømlaus mobilitet, saman med kommunar, kommersielle- og andre offentlege aktørar
- å vidareutvikle våre bestillingstransporttenester
- å utvikle nye produkt i mobilitetsmarknaden.
- å realisere effektar som følge av sterk samhandling mellom FRAM, kommunar og private verksemder.
- å identifisere område som påverkar konkurransekrafta til kollektivtilbodet og gjennomfører tiltak for å styrke FRAM på desse områda.
I stillinga vil du arbeide spesielt tett saman med bykommunane for å auke talet på menneske som brukar andre framkomstmiddel enn privatbilen i kvardagen. Som rådgivar vil du arbeide i grensesnittet mellom innovasjon, forretningsutvikling og gevinstrealisering i offentleg sektor, og få ei viktig rolle i å for å forme FRAM som mobilitetsaktør.
Vi søker deg som
Har høgare utdanning fortrinnsvis på masternivå, med kunnskap og erfaring innanfor eit eller fleire av områda:
- Økonomi/Administrasjon/Leiing
- Innovasjon/Entreprenørskap
- Marknadsføring/Kommunikasjon
- Logistikk
- IKT/IT/Tjenestedesign/Digitalisering
Vi ønsker og at du har erfaring frå prosjektleiing og arbeid i prosjektorienterte miljø. Det er også ein fordel om du har erfaring med å jobbe med utviklingsretta oppgåver.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som ønsker å bli ein del av eit pulserande og tverrfagleg miljø. Du er offensiv, tenker nytt og samarbeider godt i tverrfaglege miljø.
Du er:
- ambisiøs og målbevisst
- initiativrik og energisk
- god til å samarbeide med andre
- oppfinnsam og nysgjerrig
- god til å bygge relasjonar internt og eksternt
Vi tilbyr
- Ei moglegheit til å forbetre folks liv
- utfordrande oppgåver i eit aktivt, utviklande og forretningsorientert arbeidsmiljø
- ei moglegheit til vere med og forme eit nytt kompetansemiljø ved Campus Kristiansund
- offentleg pensjonsordning og gode forsikringsordningar (medlemskap i KLP)
- løn etter avtale
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement. Vi brukar nynorsk i skriftleg kommunikasjon. Opplæring vil bli gitt.
Om arbeidsplassen
Campus Kristiansund blir ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i regionen vår, med ein unik og nyskapande nærleik mellom problem og problemløysarar, mellom praktiske utfordringar og teoretiske modellar, mellom kunnskapsformidlarar, kunnskapsbyggarar og verdiskaparar. Du kan bli med å bygge vårt mest nyskapande kunnskapsmiljø.
FRAM er Møre og Romsdal si merkevare for kollektivtrafikk. FRAM har inntekt og marknadsansvaret for om lag 20 million kollektivreiser kvart år med ei samla årleg omsetning på om lag 725 millionar kroner. Totalt arbeider 39 tilsette på samferdselsområdet med drift og utvikling av kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. FRAM vil være representert med 20 tilsette i Campus Kristiansund frå og med hausten 2020.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune brukar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om anonymitet jf. Offentleglova paragraf 22,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med deg før offentleggjering.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.