Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?
Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage
Ramsbu 35, 4130 Hjelmeland
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leiar, Hjelmeland barnehage 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du bli vår nye medarbeidar? Me har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.01.25.
Hjelmeland barnehage har frå hausten 2024 fire avdelingar, fordelt på to hus. Eit hus for to småbarnsavdelingar, og eit hus for to storbarnsavdelingar.
I Hjelmeland kommune er det fire kommunale barnehagar, Hjelmelandsbarnehagen. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon "Det beste for barnet". Me ynskjer å gje barna gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling.
Barnehagane sine felles verdiar er "Respekt, Omsorg og Tryggleik".
Utviklingarbeidet vårt er i regi av regional kompetanseordning, Rekomp, der satsingsområda er- inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning, og barnehagen som pedagogisk verksemd.
Me er i partnerskap med UIS fram til mars 2025. Der me har ekstra fokus på den autoritative oppdragarstilen, leik og musiske aktiviteter.
Me søkjer ein pedagogisk leiar som lar seg inspirere av våre satsingsområder og utviklingsarbeid.
Ansvar og arbeidsoppgåver
- planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon
- planlegge og gjennomføre foreldresamtalar
- delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
- vere tydeleg rollemodell ovanfor barn og vaksne
- sikre gode rutinar for det einskilde barnet sin trivnad og utvikling
- skape eit nært samarbeid mellom heim og barnehage
- samarbeide med fagleg instans vedrørande barn med særlege behov
- vidareutvikle sin faglege kompetanse
- tilretteleggje for og bidra til eit godt psykososialt arbeidsmiljø i barnehagen
Kvalifikasjonar og vilkår
- godkjent barnehagelærarutdanning
- gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar. Minimum B2
Me søkjer etter ein person som
- er fagleg engasjert
- er aktiv, engasjert og leken
- er positiv, fleksibel og løysningsorientert
- er sjølvstendig, men også samarbeidsvillig
- er varm og tydeleg og opptatt av å byggje relasjonar
- er genuint opptatt av barns leik, læring og utvikling
- er opptatt av klima- og miljøspørsmål og det å dele norsk kulturarv
- ser verdien av å lære barn praktiske ferdigheter og det å meistre kroppen sin
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- spennande arbeidsoppgåver
- ein barnehage som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- rettleiing av nyutdanna
- fagleg kompetanseutvikling for alle tilsette
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. Hjelmeland kommune har ei rekke lokalt forhandla ordningar for sine tilsette. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2746084
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3403883_205391_nn