Miljørettleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4158021742 Presentasjon av stillingen:
Er du genuint oppteken av kvart enkelt barn si faglege og sosiale utvikling? Då er Finnøy sentralskule arbeidsplassen for deg!
Finnøy sentralskule er ein 1.-10.-skule som ligg på Judaberg. Skulen har om lag 330 elevar.
Kjerneverdiane våre er respekt, tryggleik, læringsglede og mangfald.
Vi har ledig stilling for miljørettleiar med arbeid i skule, SFO og leksehjelp. Vi ønskjer oss deg som evnar å sjå heilskapen i eleven si opplæring, slik at kvart enkelt barn opplever meistring og best mogleg fagleg og sosial utvikling.
Finnøy sentralskule vil frå 01.01.2020 vere ein del av Stavanger kommune etter kommunesamanslåing.
Stillinga vil følgje skuleruta og det blir trekt 11% av lønn.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver i stillingen er å vere elevstøtte både i fagleg, sosial og emosjonell utvikling. Det vil seie å rettleie eleven inne i klasserommet, ute i mindre grupper og i friminutt, samt å hjelpe eleven til å meistre elevrolla.
Som miljørettleiar vil det også kunne innebere å planlegge ulike tiltak rundt eleven.
Kvalifikasjonar
Du må ha høgskuleutdanning som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller annan barnefaglig pedagogisk utdanning på same nivå.
Du kan tenke alternative undervisningsformer for å gjere elevane til den beste utgåve av seg sjølv.
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (minimum B1)
Arbeidsspråk på skulen er nynorsk.
Personlege eigenskaper
Du er innstilt på samarbeid, kan jobbe systematisk og målretta og kan tenkje heilskapleg og langsiktig.
Du er tydeleg vaksen, tolmodig, varm og raus - samtidig som du er ambisiøs på eleven sine vegne og oppteken av at barnet sin tryggleik og utvikling står i sentrum.
Vi tilbyr
Eit engasjerande og inspirerande arbeidsmiljø.
Stillingskode 668401 Miljøveleder, årslønn 410 000 - 505 000 etter ansiennitet
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Bente Tjelta, Rektor, +47 51714100
Arbeidssted
Hagabakken
4160 Finnøy
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Stavanger kommune
Referansenr.:4158021742
Stillingsprosent: 80%
Startdato: 01.01.2020
Søknadsfrist: 10.12.2019
Om bedriften
Stavanger skal være en god by å bo i for alle. Som ansatt i Stavanger kommune får du utgjøre en forskjell for byen vår og menneskene som bor her. Med 9000 ansatte er vi en av regionens største arbeidsgivere. Sammen jobber vi for en levende by.