Ungdomskontakt i Dovre kommune - 100% prosjektstilling
Dovre Kommune Administrasjonsavdeling
Kongsvegen 4, 2662 Dovre, Hybridkontor
Om jobben
Brenn du for at unge skal bli høyrd og ha eit rikt tilbod?
I fjellbygda Dovre er vi i gang med eit krafttak for ungdomen vår, og vi vil ha ein engasjert og motivert ungdomskontakt til leie innsatsen. Å involvere ungdom og skape gode møteplassar blir ein viktig del av arbeidet.
Stillingstittel
Ungdomskontakt
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Ynskte kvalifikasjonar· Relevant 3-årig høgskuleutdanning innan fagområde knytt til ungdomsarbeid. Arbeidserfaring og personleg eignaheit kan kompensere for manglande utdanning.
· Erfaring med ungdomsarbeid
· Du likar å vere saman med ungdom
· Du er trygg og tydeleg, open og lyttande
· Du er engasjert, positiv, løysningsorientert og ansvarsbevisst
· Du kommuniserer godt
· Du er strukturert og god til å samarbeide
Vi vil legge stor vekt på personlege eigenskapar.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver· Møte ungdom på deira arenaer
· Hjelpe ungdom med å sette ideane deira ut i livet
· Spreie informasjon, skape aktivitetstilbod for ungdom og skape nye tilbod saman med ungdom og engasjerte vaksne
· Samarbeide med andre som arbeider med ungdom i kommunen
· Vera sekretær for ungdomsrådet
Må rekne med noko kvelds- og helgearbeid
Vi tilbyr
Vi tilbyr· Ein gjevande jobb som vil gjera det enda betre å vera ung i Dovre
· Samarbeid på tvers med trivelege kollegaer
· Løn etter avtale
· Pensjonsordning i KLP
Stillinga er ledig frå snarast, og gjeld foreløpig for eitt år, med moglegheit for forlenging.
Det vil vera krav om godkjent politiattest.
Noko for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg!
Om bedriften
Dovre kommune er ei fjellbygd med nokre av Noregs mest spektakulære nasjonalparkar innanfor kommunegrensene. Her finn du frisk fjelluft, trivelege folk og store naturopplevingar rett utanfor stuedøra. Sjølv om vi ligg høgt til fjells, er vi sentralt plassert. Herifrå kan du reise klimasmart med Dovrebanen til både Oslo og Trondheim og med Raumabanen til Åndalsnes. Ynskjer du eit rikt liv i eit engasjert og trygt lokalsamfunn, vil vi ta godt imot deg!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2855517
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3d545fb6-0b51-449c-afd7-5010ccd4abfc