Sommarvikar som ergoterapeut
Terapeuteining Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ergoterapeut
Oppstart
10. juni 2025
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 25. februar
Er du ergoterapeut og vil jobbe i eit tverrfagleg team som fokuserer på å fremje helse, meistring og livskvalitet? Søk sommarjobb hos oss!
Terapeuteining Stord har ledig sommarvikariat for ergoterapeut. Vi har fem ergoterapeutstillingar. Ein stilling er knytt opp til slageininga samt dei andre akuttpostane ved sjukehuset, og dei fire andre er knytt opp til rehabiliteringsposten og rehabiliteringspoliklinikken. Ferievikaren vil få ansvar for pasientar ved rehabiliteringsposten. Ein av våre faste ergoterapeutar vil vere på rehabiliteringsposten med deg, og vil fungere som rettleiar for deg. Du vil få tilbod om 2 veker med opplæring før ferieavviklinga hos oss startar.
Rehabiliteringsposten har 9 døgnplassar. Vi tilbyr spesialisert rehabilitering til pasientar frå 16 kommunar som høyrer til Helse Fonna. Tilbodet er for pasientar som etter sjukdom eller skade har fått eit funksjonstap, motorisk og/ eller kognitivt. Dette kan vere pasientar som har hatt hjerneslag, traumatisk hovudskade, ryggmargsskade, Guillain-Barré, parkinson, MS, kreft, lang tids covid, eller andre skader/ sjukdommar. Ergoterapeutane jobbar i tverrfagleg team som består av fysioterapeut, helsefagarbeidar, lege, logoped, nevropsykolog, sosionom og sjukepleiar.
Terapeuteining Stord høyrer til Avdeling for rehabilitering i Helse Fonna HF, og vi held til på Stord sjukehus. Stord ligg sentralt midt mellom Bergen og Stavanger, og det går dagleg direktefly mellom Stord og Oslo. Stord kan by på koseleg småbyliv, flott natur; både fjell og skjærgård, og eit rikt sports- og kulturliv.
🔹Vi håpar dette høyres interessant ut, og ønsker deg velkommen til å søke sommarjobb hos oss!
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og behandling av pasientar
- Dokumenteringsarbeid
- Delta i tverrfaglege møter, målmøter og nettverksmøter
- Tverrfagleg samarbeid internt på sjukehuset
- Samhandling med kommune og pårørande
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som ergoterapeut. Ergoterapeutstudent som har fullført 2. året av ergoterapeutstudiet, og som har relevant erfaring, kan bli vurdert for stillinga dersom vi ikkje får andre kvalifiserte søkarar.
- Fordel med arbeidserfaring innan sjukehus/ spesialisthelstenesta
- Fordel med arbeidserfaring innan rehabilitering, hjerneslag og nevrologi
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå
Hos oss er det viktig at du
- kommuniserer tydeleg og skapar gode relasjonar, både med pasientar, pårørande og kollegaer.
- er engasjert i jobben din og møter arbeidskvardagen med motivasjon og pågangsmot.
- jobbar strukturert og har god oversikt, men tilpassar deg lett når situasjonen krev det.
- trivst med å jobbe sjølvstendig, men set også pris på samarbeid og fagleg utveksling i team.
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og arbeidsforsikringar
- Arbeid i lag med dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Eit aktivit og triveleg arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Marianne Hollund Espeland, Avdelingsleiar, 952 34 329, marianne.hollund.espeland@helse-fonna.noKjerstin Risnes, Funksjonsleiar, kjerstin.risnes@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4916292180
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 10.06.2025
Sluttdato: 15.08.2025
Søknadsfrist: 25.02.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2858377
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bcfc669192b94ac08fe4a399ce30dbdc