Spennande stilling som sjukepleiar i heimetenestene!
Vindafjord kommune Heimetenesta
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Me søker:
Ein fleksibel engasjert sjukepleiar til 80 - 100% fast stilling i heimetenesta indre sone, ledig etter avtale.
Kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- God IKT kompetanse
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, minimum nivå B2.
- Erfaring med bruk av velferdsteknologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Må ha førerkort klasse B
Hovudarbeidsoppgåver:
- Varierte daglege arbeidsoppgåver knytta til ei brukargruppe med ulike utfordringar, både når det gjeld diagnosar, alder og utfordringar
- Ansvarlig sjukepleiar på vakt
- Sjukepleiefaglege oppgåver som observasjon og kartlegging. Fagleg oppfølging av pasientar inkludert pleie og tiltaksplaner, medisinoppfølging, kommunikasjon mot fastleger og pårørande
- Kontakt opp mot spesialisthelsetenesta og samarbeid med fleire tverrfaglige samarbeidspartnerar både i og utanfor eigen kommune
- Bidra til kontinuerlig utvikling av tenestene, tenke inovativt slik at brukarane kan få bu heime lengst mogleg
- Rettleiing av og tett samarbeid med kollegaer, saman gjer me dei beste tenestene
- Pådrivar for å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar i tenesta
Personlege eigenskapar:
- Vil yte gode tenester til heimebuande i Vindafjord kommune
- Bidra til å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar i tenesta
- Har eit ynskje om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov og er tolerant i møte med mennesker
- Har interesse for faget og held deg oppdatert, likar å finne nye måtar å arbeide på
- Har godt humør og er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet. Der ein har fokus på at alle vert sett, høyrt og respektert
- Er inovativ og søker heile tida etter forbetringar for både brukarane og personell
- Like å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Trives med til tider hektiske arbeidsdagar
- Er fleksibel og ser nytte av å samarbeide på tvers av sonene
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Me kan tilby:
- Spennande og varierte arbeidsdagar i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som sjukepleiar
- God opplæring og samarbeid med andre
- Årsturnus
- Eit sterkt fagmiljø med ulike faggrupper
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Vindafjord kommune kan no tilby ein eigen helgeavtale utover den sentrale der ein får ekstra kompensasjon for kveld og helg.
Om heimebaserte tenester:
Heimetenestene i Vindafjord kommune har basekontor i Nedre Vats og Ølen og gjer tenester til brukarar som bur heime.
Basekontoret for Indre sone er på Ølen omsorgssenter og gjer tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland. Heimetenesten samarbeider og tett med dagsentra for heimebuande.
Basekontoret for Ytre sone er på Vindafjordtunet og gjer tenester til heimebuande i Vats, Skjold og Vikebygd.
Hjå oss vil du møta heimebuande eldre med ulike helseutfordringar, både akutte situasjonar og personar med korniske lidingar som krev langsiktig handsaming. Me har det "høgt under taket" med kort veg til engasjerte leiarar og dyktige kollega som alle ynskjer å bety ein forskjell for våre brukarar. Du arbeider i årsturnus dag/kveld med arbeidshelg ca kvar 3. helg.
Me ønskjer at våre medarbeidarar skal ha muligheit for utvikling innan fag og interesse, at du som tilsett skal ha eit arbeid som motiverar og engasjerar til utvikling. Kommunen søker kvart år Statsforvalteren om kompetansemidlar slik at me i større grad kan vera med på å gje deg relevant viderutdanning og kurs etter ynskje og behov.
Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål. Me i heimetenesten ynskjer å høyre frå deg som vil gjera ein forskjell innan eldreomsorga.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2643546
- Sist endret
8. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3347235_229841_nn