Heimehjelp
Vinje helse og omsorg har ledig inntil 100% stilling som heimehjelp i heimesjukepleia i Åmot. Ledig frå snarast - ID 1777.
Søknadsfrist: 28.08.20
Stillinga er i turnus med arbeid kvar tredje helg. Arbeidstid 35,5 t/v.
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som helsefagarbeider, andre kan og søkje
- Søkjarar må ha førarkort og disponere eigen bil
- Det vil bli lagt vekt på personleg eignahet
- Du må ha god kunnskap i norsk, skrifteleg og munnleg minimum nivå B2
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå liknande arbeid
- Lovkrav om politiattest (ikkje eldre enn 3 månader)
Dersom det ved interne omrokkeringar vert ledige fleire stillingar, tilset me og i desse.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vitnemål og attestar må takast må takast med til intervju. Spørsmål om stillinga kan rettast til avdelingsleiar Anne Jannicke Lie, 46 92 40 80.