Fagarbeidar/assistent i SFO/Tangen skule
Me har ledige stillingar som fagarbeidarar/assistentar i SFO/Tangen skule
Ein 100% fast stilling og ein 40% fast stilling med tiltreding 01.08.2024.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vera:
- Følgje opp elevar før/etter og i skuletid
- Hjelpa elevane med å få ei god, sosial utvikling gjennom kommunikasjon og samspel med andre
- Delta i all aktivitet saman med ungane
- Samarbeida med personale og heimane, til borna sitt beste
- Bidra til å gjere borna sin kvardag så stabil og forutsigbar som mogeleg
- Bidra i laget rundt barnet gjennom å oversette mellom norsk/morsmål for elevane og føresette (gjeld for stillingen i 100%)
Kvalifikasjonar:
- Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre med anna relevant utdanning og praksis kan og søke
- Erfaring frå denne type arbeidsoppgåver vil vere positivt
- God norskkunnskap
- Gode språkkunnskapar i nokre av desse språka: engelsk, russisk/ukrainsk, polsk og tysk (gjeld for stillingen i 100%)
- Godkjend politiattest
Me ser etter ein medarbeidar som :
- Ønskjer å ha ein aktiv arbeidskvardag både ute og inne
- Er hjelpsom, raus og tilpassingsdyktig
- Ønskjer å skape ein god kvardag for borna
- Er med på å skape eitt godt arbeidsmiljø på SFO/skule
Me tilbyr:
- arbeid i ein veldreven kommune med gode og sikre rammevilkår
- eitt godt og stabilt arbeidsmiljø med god fagkompetanse
- kommunale tilsetjingsvilkår med gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !