Er du vår nye pedagogiske leiar?
Hamramyra barnehage søkjer ny medarbeidar i 100 % fast stilling
Hamramyra bhg er ein ny, flott, bhg med gode fasilitetar. 6 avdelingar. Kjøken og bad tilknytta kvar avdeling. Vi har eit stort fellesrom, der barna har god plass til å utfalde seg. Eigen personalfløy med møterom og flotte arbeidsplassar til personalet. Satsingsområdet vårt er sosial kompetanse og vi jobbar med COS, De utrolige årene og Dinoskule. Barnehagen grensar til eit spennande friområde med flott skogsterreng, vatn, sjø, idrettsnalegg og fotballbanar.
Hovudoppgåver
- Ansvar for å leie barnegruppe, samarbiede tett med foreldre og vere arbeidsleiar for personalet på eigen avdeling. Ansvar for det pedagogiske arbeidet med planlegging, gjennomføring og dokumentasjon, i tett sammarbeid med det øvrige personalet. Pedagogisk leiar er ein del av styrar sitt leiarteam og har ei sentral rolle i å utvikle Hamramyra barnehage for framtida.
- Det kan verte ledig barnehagelærarstilling ved internt opprykk.
Kvalifikasjonar
Må ha
- Bachelorutdanning innan barnehagelærar
- Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein person som er ein tydeleg, raus, inkluderande og inspirerande arbeidsleiar. Du må like utfordringar og vera endringsvilleg. Vi treng ein person med godt humør, og som har evne til å inspirere, motivere og samarbeide med andre. Du set barnet sitt beste i fokus og er god til å samarbiede med andre. Du er ansvarsbevist, sjølvstendig, løysingsorientert og endringsvilleg. Du er positiv og ser verdien av humor på jobb. Du har ein fagleg kompetanse som du omset i praksis og er helsemessig skikka for stillinga.
Løns- og arbeidsvilkår
Løn etter gjeldande lov- og avtaleverk.
Vi tilbyr
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedriftshelseteneste
Generell informasjon
Fjell kommune ønskjer at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til å søkja stillinga. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggje til rette for personar med redusert funksjonsevne.
Godkjend politiattest må leggjast fram før tilsetting.
Arbeidsstad
Arbeidsstad: Hamramyra barnehage
Adresse: Hamramyra 6
Postnummer: 5363
Poststad: Ågotnes
Heimeside: http://www.fjell.kommune.
E-post: vivian.ekerhovd@fjell.no/hamramyrabarnehage
Telefon: 55096200
Om tilsetjingsvilkår og søknad
Administrasjonsmålet er nynorsk. Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår etter lov, reglement og tariffavtale. Søknad og CV må sendast elektronisk via linken SØK HER .
Pålogging og førhandsutfylling
Det er mogeleg å ta i bruk det elektroniske skjema utan pålogging. Vi tilrår likevel at søkjarar loggar på før utfylling. Da vert opplysningane lagra for eventuelle seinare søknadar.
Elektronisk søknad finn du på høgre side i annonsen.
Kandidatar som vert kalla inn til intervju må ta med godkjende vitnemål og attestar.
Søknadsfrist
24.06.19. Kontakt
Vivian O. Ekerhovd tlf. 55 09 62 01
Om bedriften
Fjell, Sund og Øygarden har vedteke å slå seg saman frå januar 2020. Nye Øygarden kommune vert den nest største kommunen i Nye Vestland fylke med om lag 39 000 innbyggjarar og rundt 2 500 tilsette. Kommunesenteret vert på Straume. Det vert kommunedelsenter i Skogsskiftet og på Rong.
Visjonen til den ny kommunen er Eit fyrtårn i vest . Målet for den nye kommunen er å rekruttera og utvikla den beste fagkompetansen for å gje innbyggjarane tenester med høg kvalitet.