Sosionom
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Avdeling allmennpsykiatri, Helse Bergen
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sosionom
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. desember
Kronstad Distriktpsykiatrisk Senter (DPS) søker etter sosionom til Seksjon for gruppebehandling. Denne seksjonen har eit godt sosialt og tverrfagleg samarbeidsklima, og vi har fleire spennande behandlingstilbod. Vi ønsker ein sosionom som har stort engasjement for pasientar med samansette problemstillingar, som har interesse for inkludering av pårørande og andre sentrale samarbeidspartnarar.
Denne stillinga har hovudtyngda av funksjonen i Seksjon for gruppebehandling. Det kan og bli aktuelt å bidra på Allmenn døgnpost ved behov. Seksjon for gruppebehandling tilbyr strukturerte behandlingstilbod i grupper av ulik varighet, og med ulike teoretiske tilnærmingar. Sosionomen jobbar mest med individuelle avtalar, men blir del av eit sterkt fagleg miljø, der også det sosiale aspektet blir godt ivaretatt. Sosionomane på huset (7 personar) har sitt eige fagmøte annankvar veke for oppdatering, utveksling av erfaringar og kollegial støtte.
Pasientgruppa er samansett. Gjennomgåande diagnosar er angst, depresjon, personlegdomsforstyrringar, krise
Stillinga er 100% med ønska oppstart i midten av februar 2025. Oppstartsdato kan diskuterast. Om dette høyres ut som ei spennande stilling, og du har lyst til å delta i teamet vårt, så er du velkommen til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging av sosiale forhold og behov for støtte og oppfølgingstiltak
- Informasjon, råd og rettleiing om trygderettar og sosiale tenester
- Delta i tverrfagleg samhandling, internt og eksternt
- Gi sosialfagleg bistand individuelt
- Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sosialt arbeid/sosionom
- Erfaring med saksbehandling
- God systemforståing
- Gode norskkunnskaper skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Vi ønsker ein person som er fleksibel og løysingsorientert
- Du må trivast med å jobbe både i team og individuelt, og ha god evne til tverrfagleg samarbeid
- Vi ønsker engasjement og interesse for faget og for pasientane
- Du må vere god i kontaktetablering og nettverk
- Personleg egnethet vil bli vektlagt ved tilsetting
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Et godt fagleg fellesskap med tryggleik og gjensidig støtte
- Høgt fagleg miljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eirik Hjermann, Fagansvarleg/Psykologspesialist, 55956132Anna Antoinette Børsheim, Seksjonsleiar, 55956031
Arbeidsstad
Fjøsangerveien 365053 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4888807742
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Anna Antoinette Børsheim
Seksjonsleiar
55956031
Eirik Hjermann
Fagansvarleg/Psykologspesialist
55956132
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2803078
- Hentet fra
talentech
- Referanse
36b9635ea237401693d49b6890b0d1d6