Undervisningsstilling i faga kroppsøving og samfunnskunnskap
Det vert frå 1. august 2020 ledig 1 års vikariat innan faga kroppsøving (50%) og samfunnskunnskap (15%) ved Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen.
Stillinga inneber undervisning på avdelingane for studiespesialisering og yrkesfag ved skulen på Dalen. Alle programområde er aktuelle.
Kvalifikasjonar
Vi søker etter ein medarbeidar med formell undervisningskompetanse i nemnte fag og praktisk - pedagogisk utdanning. Undervisningserfaring er ein fordel. Det kan vere aktuelt å tilsetje søkar med påbyrja PPU.
Eigenskapar
Vi legg vekt på ei positiv haldning til ungdom i ulike livssituasjonar og evne til å etablere gode relasjonar til ungdom og kollegaer. Vi ynskjer medarbeidarar som vil strekke seg for å legge best mogleg til rette for læring og som har evne til god klasseleiing og samarbeid med elevar og kollegaer.
Vi tilbyr
Eit inkluderande og humørfylt arbeidsmiljø med fokus på kvalitet i opplæringa og eleven sitt beste.
Anna
Vilkår for stillinga følger av lov og avtaler som gjeld til ei kvar tid. Kopi av vitnemål og attestar vert levert i samband med intervjuet. Den som blir tilsett må leggje fram politiattest, jf. opplæringslova § 10-9.
Offentleggjering
Søkar kan bli offentleggjort sjølv om han/ho har bedt om å bli unntatt for dette.
Dersom ynsket ikkje kan etterkommast, vil søkaren bli varsla. (Offentleglova § 25)
Vest-Telemark vgs sentralbord 35 91 97 00.
Søk på stillingen ved å klikke på “Søk på stilling” knappen på høyre side.
Om bedriften
Fylkeskommunen er politisk styrt med fylkesordfører som øverste politiske leder. Fylkesrådmannen er øverste administrative leder. Vestfold og Telemark fylkeskommune skal bidra til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen, og har ansvar for viktige oppgaver innen bla videregående opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesveier, samfunnsutvikling, regional- og arealplanlegging. Vi jobber tverrfaglig og setter innbyggernes behov i sentrum. Til dette oppdraget søker vi motiverte og endringsvillige medarbeidere som er gode relasjonsbyggere og utviklings- og løsningsorienterte lagspillere.
Vest-Telemark vidaregåande har to skulestadar, Dalen og Seljord. Skulen har 65 tilsette og cirka 270 elevar. Vest-Telemark byr på rik kulturhistorie, innhaldsrikt kulturliv og storslått natur med gode tilhøve for friluftsaktivitetar. Vest-Telemark vidaregåande har tilbod innan fylgjande programområde: Studiespesialiserande, Helse- og oppvekstfag, Elektrofag, og Teknikk og industriell produksjon på Dalen, Restaurant- og matfag i Seljord. Seljord tilbyr og Påbygg til generell studiekompetanse. I tillegg har skulen eit ressurssenter som mellom anna gir snøskuteropplæring klasse S.