Har du hovud og hjarte for etterforsking og vil gjera ein forskjell for pårørande i ein vanskeleg fase i liva deira?
GDE Bergen, Askøy og Øygarden, Bergen sentrum politistasjondistrikt
5016 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeider
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
I Vest politidistrikt, geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, Bergen sentrum politistasjondistrikt, Seksjon for etterforsking av vald og sedeligheitsovertredelsar er det ledig ei fast stilling som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeider (SKO 0285). Stillinga er plassert på voldsavsnittet.
Seksjon består av tre avsnitt, valdtekts-, sedelegheits- og valdsavsnittet. Valdsavsnittet blir leidd av ein avsnittsleiar og har ein politifagleg etterforskingsleiar (PEL) og tre teamleiarar med kvar si gruppe med omlag 4 etterforskarar. Stillinga vil ha ein naturleg tett dagleg samhandling med valdsavsnittet sine teamleiarar og PEL.
Stillinga vil ha ei sentral rolle i dei innleiande undersøkingane for dødsfall som blir meldt til politiet i driftseininga vår. Saksfeltet er komplekst ved at det både gjeld dødsfall som rimeleg raskt kan avklarast som naturlege, men også saker som gjeld overdosar, barnedødsfall, sjølvmord, ulykker, forsømming av hjelpeplikt og hensettelse i hjelpelaus tilstand. Initialfasen her er særleg viktig fordi eventuelle straffbare forhold ikkje nødvendigvis er openberre. Det krevst derfor både kunnskap innan etterforsking og erfaring i handtering av menneske i krise for å kunna gjera denne viktige jobben.
Arbeidsoppgåver
- I tett dialog med påtale, vurdera og behandla alle dødsfallssaker som blir silte til valdsavsnittet, gjennomføra avhøyr og setja i verk nødvendige undersøkingar/etterforskingssteg for å avklar om dødsfallet er forårsaka av ei straffbar handling
- Oppdatering av saker i BL
- Opprettelse av Indicia-prosjekt i dei sakene der dette er påkravde
- Kontakt med pårørande
- Kontakt med KRIPOS og ambassade i saker som involverer utlandet
- Kontakt med relevante samarbeidspartnarar
- Ved kapasitet, skal ein gjennomføra etterforskingsoppgåver i saker som elles blir hefta ved valdsavsnittet.
Kvalifikasjonar
Nødvendige:
- Vitnemål frå Politiskolen/Politihøgskulen
- Tilfredsstille kompetansekrava for pb3 og ha arbeidd innan relevant fagfelt i minimum 3 år. Ved anna relevant bachelor- eller mastergrad utover politiutdanning kan kompetansekravet fråvikast
- Variert erfaring frå etterforsking og/eller brei politioperativ erfaring (PPS avhøyr) og/eller brei erfaring i å handtera menneske i kriser
- Erfaring med bruk av politiet sine IT-system
- Bestått Kreativ-kurs eller tilsvarande
- God munnleg og skriftleg framføring i norsk og engelsk
- Minimum AOP-godkjent eller kvalifisert og villig til å bli godkjend
- Gode kommunikasjonsevner då arbeidet inneber utbreidd kontakt med menneske i kriser
Ønskeleg:
- Erfaring som pårørandekontakt er ein fordel
- Erfaring frå etterforsking innan dødsfall er ein fordel
- Vidareutdanning innan etterforsking frå PHS er ein fordel
- Kompetanse innan digitalt politiarbeid (DPA) er ein fordel
- Erfaring frå saksredigering, mellom anna gode BL kunnskapar og kunnskap i skiping og bruk av prosjekt i indicia er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobba sjølvstendig, men også vera ein lagspelar
- Strukturert og meistrar å arbeida effektivt i ein hektisk kvardag
- Gode samarbeidsevner
- Gode kommunikasjonsevner
Som medarbeidar i politiet har du høgt etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stilling som politiførstebetjent med funksjon som spesialmedarbeider (stillingskode 0285) er løna i spennet frå lønnstrinn 67/ kr 657.300,- til lønnstrinn 72/ kr 720.100,- brutto pr. år.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Ref.nr.: 24/159491
Kontaktinformasjon
Jannike Bremar Johannessen, Avdelingsleiar, 95182044, jannike.bremar@politiet.noSissel Irene Helle Becker, Seksjonsleiar, 94876963, sissel.becker@politiet.no
For spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidssted
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4838306513
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 06.08.2024
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.politiet.no/jobb
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2705336
- Sist endret
7. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
724a3784c5ab442fbeb762c9bb3d2101