Sande omsorgssenter søker etter
Sunnfjord kommune Sande omsorgssenter
Sandevegen 120, 6973 Sande i Sunnfjord
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Sande omsorgssenter er ein institusjon som ligg sentralt i Sunnfjord kommune, like ved E-39 og ca 20 min frå Førde. Institusjonen har 40 sengeplassar fordelt på to avdelingar. Omsorgssenteret har 35 årsverk. Lærlingar, elevar og studentar er jamt innom for opplæring og bidreg til eit utviklande miljø.
Vi er opptatt av den gode dagen for dei som bur og arbeider her.
Er du nyutdanna sjukepleiar til sommaren og ikkje heilt har bestemt deg for arbeidsplass enno? Eller er du ein erfaren sjukepleiar som kan tenke deg å prøve noko nytt for ein periode? Ja, då bør du søke på Sande omsorgssenter. Vi kan tilby eit arbeid med mykje glede, ansvar og faglege utfordringar.
Som sjukepleiar har du ansvar for sjukepleie til avdelingas pasientar og du arbeidar tverrfaglig. Du skal som pasientansvarlig sjukepleier være pasientens kontakt og talsperson, og ha ansvar for å sikre kontinuitet, faglig forsvarlighet, kvalitet og koordinering av tenestetilbodet.
Vi har ledig:
- 100 % vikariat i 1 år
Krav til søkar:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- politiattest
Vi søker deg som:
- fagleg engasjert og har vilje til å halda deg oppdatert
- øysingsorintert, fleksibel, tenke nytt og har evne til å reflektere
- gode samarbeidsevne
- er strukturert
- samarbeider og kommuniserer godt
- lojal og bidreg til eit positivt miljø
Vi har prøv ut langvakter og har god erfaring med det. Det er og høve til å kombinere med langvakt og kortvakt. Vi tilpassar så lengt det let seg gjera etter behov.
Går ein langvakt i helgar; arbeid kvar 4.helg. Kortvakter i helgar; arbeid kvar 3.helg
Vi har rekruttering-og stabiliseringstillegg på 20 000.
Du søker elektronisk.
Velkommen som søkar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2634615
- Sist endret
6. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3341687_191705_nn