Internshipstilling - sumarjobb for student - digital transformasjon
Lom Kommune
Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom, Norge, Lom, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent - IT applikasjoner
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Fagleg og sosialt givande sommarjobb for deg som er student
Lom kommune søkjer etter ein framoverlent og framtidsretta bachelor- eller masterstudent som kan vere med å bidra til den pågåande digitale transformasjonen av tenestene i kommunane Lom og Skjåk. Kommunane har identifisert eit behov for å ta i bruk smartare løysingar, verktøy og prosessar som er tilrettelagde for å møte brukarane sine behov i framtida, og har derfor stort fokus på digital transformasjon.
I eit internship hjå Lom kommune vil du få konkrete oppgåver relatert til digitalisering og digital transformasjon i kommunane, samtidig som du i stor grad kan ha moglegheit til å påverkea rbeidsoppgåvene dine basert på tidlegare erfaringar og interesser. Du vil også vere ein viktig del av arbeidet med å fremje ein kultur for innovasjon ved å utforske nye digitale løysningar og kartlegge moglege gevinstar knytt til digitaliseringsarbeidet.
Vi ser etter deg som:
• Studerer bachelor eller master innafor relevante felt som kan knytast opp mot digitalisering og digital transformasjon
• God forståing av ny teknologi og interesse for området
• Gode analytiske ferdighetar og evne til å forstå komplekse problemstillingar
• Positiv haldning, nysgjerrig og lærevillig.
• Målbevisst og løysingsorientert
• Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
Moglege arbeidsoppgåver kan vere:
• Bidra med kartlegginga av verksemdsarkitekturen i kommunane
• Implementering og integrasjon av nye teknologiar i eksisterande system
• Utarbeide analysar for å identifisere område for forbetring
• Utarbeide rapportar om framgang i ulike prosjekt innafor digitalisering
Vi tilbyr
• Ei unik erfaring kor du får kontaktar i Nord-Gudbrandsdal
• Løn og andre vilkår etter avtale
• Kontorplass i ny lokal ved Midtgard midt i det yrande sumarlivet i Lom sentrum
• God oppfølging og hyggelege kollegaer
• Eit spennande og sosialt fellesopplegg i regi av Internship Rondane
Spørsmål om stillinga kan rettast til digitaliseringssjef Ida Byre, telefon 99586032.
Elektronisk søknad kan leverast via vår heimeside www.lom.kommune.no. Søknadsfrist er 7.mars 2024
Om Internship Rondane
Styrk Sel har som oppgåve å bidra til spennande arbeidsplassar i Otta og omegn, og har dermed teke initiativet til Internship Rondande. Vi ønskjer å satse på unge krefter som viktige bidragsytarar til regionen - både no og i framtida. Vi vil at du som studerer til ein bachelor eller mastergrad og som ønskjer å bygge verdifull erfaring skal søke på internship gjennom dette programmet - i ein region med spennande bedrifter, fantastisk natur og kort veg til både fjord, fjell og by.
Som ein del av opplegget får du moglegheita til å bygge nettverk med andre interns samtidig som du mellom anna får delta på festivalen Rondaståk, vere med på rafting, delta på felles fjelltur med fantastisk utsikt, samt oppleve Peer Gynt på Gålå og Humankapitalens dag. I tillegg vil du få moglegheit til å besøke og bli kjent med andre bedrifter i området og få innsikt i korleis dei arbeider.
Dette opplegget er tilpassa slik at du som student skal få nytta din teoretiske kompetanse i praksis, og vil vere ei veldig god førebuing til yrkeslivet. Interns vil gjennom dette programmet få ansvar for oppgåver som er strategisk viktige for bedriftene, og dermed veldig bra å ha på CVen til seinare. Vi håper at de som søkjer på dette programmet vil bli gode ambassadørar for å velje vår region som framtidig bu- og arbeidsstad.
Om bedriften
Lom er kjend for sin mektige natur, si friske luft og varierte opplevingar.
I Jotunheimen nasjonalpark finn du dei høgaste fjella i Noreg, som Galdhøpiggen og Glittertind. Det populære friluftsområdet har lange tradisjonar knytt til fotturisme, klatring og tinderangling, og byr på eit omfattande nett av merka ruter og trivelege turisthytter.
Kommunen har eit kompakt sentrum med tilgang til fleire aktivitetar og opplevingar, butikkar, kafear, hotell og restaurantar. Mest kjend er kanskje Bakeriet i Lom. Velkomen til Lom!
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2578291
- Sist endret
8. mars 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3bcf677c-be54-41c9-849e-c76b45f7fd15