Seniorrådgjevar tilskot
Jobbnorge ID: 187222
Kva får du jobbe med hjå oss?
Bufdir forvaltar tilskot til frivillige organisasjonar, stiftingar, kommunar og andre aktørar. Tilskotsordningane er retta mot mellom anna barn og unge, familie, likestilling, ikkje-diskriminering, samliv, fattigdom og vald i nære relasjonar.
Arbeidsområdet er knytt til Bufdir si tilskotsforvaltning. Dette inneber sakshandsaming av søknadar og rapportar, kontroll av rekneskap samt oppfylging av dei som får tilskot (råd og rettleiing). Oppgåvene vil være knytt til forvaltning av tilskot på fleire av Bufdir sine fagområder.
Som ny medarbeidar får du ein jobb der du verkeleg ser resultat av arbeidet ditt. I avdeling tilskot vert du ein del av eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Kollegaene dine har variert utdanning og erfaring. Når du jobbar hjå oss vil du oppleve stort arbeidspress og høge krav til effektivitet, noko vi trur du vil trivast med fordi du har godt humør og tek ting raskt.
Kva slags bakgrunn har du?
Du må ha
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule, helst innan samfunnsvitskaplege fag på mastergradnivå
- erfaring og kompetanse på fleire av fagområda Bufdir forvaltar tilskot
- jobba med tilskotsforvaltning og sakshandsaming i staten
- erfaring med å jobbe på tvers av ulike sektorar i offentleg verksemd og ser heilskapen
- evne til å levere ryddige saksframlegg (skriftleg og munnleg) av god kvalitet
- godt forvaltningsskjønn og kjennskap til reglement, lov- og regelverk samt det politiske landskapet stillinga opererer i
- kunnskap om og god erfaring med bruk av relevante elektroniske system og programvare
Vi vil òg legge vekt på at du har:
- erfaring med tilskotsforvaltning i staten dei seinare åra
- erfaring frå arbeid med utsette grupper og familier
- erfaring frå frivillige organisasjonar generelt og dei som jobbar for våre målgrupper spesielt
- erfaring med rettleiing, informasjonsarbeid og budsjett/reknskap
Kva slags person ser vi etter?
Du:
- gjer ditt for eit godt arbeidsmiljø
- har gode samarbeidsevner og er serviceinnstilt
- arbeider effektivt, systematisk og ryddig for å halde tidsfristar
- er fleksibel når det gjeld arbeidsoppgåver
- trivst med både rutine- og utviklingsarbeid
Kva kan vi tilby deg?
Hjå oss får du
- gode kollegaer og interessante oppgåver i ei avdeling med høgt tempo
- fast stilling, plassert i statleg lønsregulativ som seniorrådgjevar (kode 1364), med løn frå 550 000 - 680 000 kr brutto pr. år. Løn vert fastsett etter ei samla vurdering av kvalifikasjonar.
- medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- fleksibel arbeidstid med tilbod om trening i arbeidstida
Verdt å merke seg før du søkjer
Når du søkjer denne stillinga vil du ikkje bli bedt om å skrive/legge ved eit søknadsbrev, ettersom vi kun vektlegg CV i den innleiande vurderinga av søkarene. Derfor er det viktig at du skildrar ansvarsområde, resultat og anna relevant informasjon for kvart arbeidsforhold og kvar utdanning i fritekstfeltet i CV-en.
I staten blir anonyme jobbsøknader prøvd ut. Anonymiteten til søkjarane gjeld i første utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Utprøvinga vert evaluert av Difi, som handsamar opplysingar kring ansettelsesprosessen og det blir utarbeidd statistikk over resultata. Det blir ikkje levert ut opplysingar om enkeltpersonar i utprøvinga eller i evalueringa, men reglane om innsyn i offentlege søkjarlister og utvida søkjarliste gjeld.
Bufdir ønskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som nyttar potensialet i dei samla kompetansane til befolkninga. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss. Bufdir jobbar saman med regjeringa for at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Bufdir er ei IA (inkluderande arbeidsliv) -verksemd.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.
Har du spørsmål om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør Terje B. Grytten på telefon 46615147.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Ein god barndom varer livet ut! Bufdir har kanskje det viktigaste samfunnsoppdraget i landet: Vi vil gje barn og unge ein best mogeleg oppvekst. Derfor jobbar vi med barn, ungdom og familier, og vi tilbyr både barnevernstenester og familieverntenester på vegne av staten. Vi jobber med likestilling og ikkje-diskriminering og utjamning av forskjell i leveår slik at alle skal kunne få same moglegheit til å delta i samfunnet uavhengig av blant anna alder,
kjønnsidentitet, seksuell identitet eller funksjonsnivå. Vi gjer mykje, og framover vil vi gjere enda meir. Derfor treng vi fleire på laget - vil du vere med? Les meir om oss på bufdir.no.