Sommarferievikar Seljord helsesenter
Har du lyst på ein spennande og meiningsfylt sommarjobb i 2024?
Hva vi ser etter
Vi søkjer etter deg som er helsesekretær, sjukepleiar, sjukepleiarstudent eller medisinstudent.
Arbeidsoppgaver
Seljord helsesenter
Vi er eit veldrive kommunalt helsesenter med 6 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Vi har både sjukepleiarar og helsesekretærar tilsett ved avdelinga.
Arbeidsoppgåver på dagtid er å motta henvendingar på telefon, føreta veiledning og prioritering av pasientar, enkle laboratoreioppgåver og ana førefallande arbeid.
På legevakt jobbar sjukepleiar i fremste rekke med veiledning og prioritering på telefon. Det er og mottak, observasjon og behandling av øyeblikkeleg hjelp-pasientar sjølvstendig og saman med lege. Legevakta er open på kveld 15.30-23 og helger/heilagdagar 08-23. Sjukepleiar er aleine på vakt med lege i heimevakt. For arbeid på legevakt er det eit krav med sjukepleiarutdanning og helst erfaring frå legevaktsarbeid.
Hovudferieavviklinga vert frå veke 25 til og med 33. Vi ynskjer primært søkjarar som kan arbeide heile hovudferieperioden. Sommarjobb på legevakt inneber arbeid på kveld og helg. Sei frå om kva for veker du eventuelt ikkje kan jobbe.
Generelt
Opplæring skjer etter avtale med einingsleiar, fortrinnsvis før vikariatet startar. Obligatorisk/naudsynt legemiddelhandteringskurs er 18.06.24.
Det blir stilt krav om godkjend politiattest for tilsetting innan helse og omsorg før tilsetting i sommarjobben, jamfør Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
For meir informasjon om stillingane kan du ta kontakt med:
Eldbjørg Haugan, einingsleiar Helseavdelinga tlf. 90 96 80 18
Vi oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjønn, kultur, religion om å søke.
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet. Søkarar blir kontakta og tilsetjing skjer fortløpande.
Vi tilbyr
God opplæring
Verdifull arbeidserfaring
Spanande arbeidsoppgåver i gode arbeidsmiljø
Relevant praksis
Feriebonus
Lønskompensasjon for dokumenterte studie år
Pensjonsopptening i KLP for kvar arbeida time
Løna fylgjer Hovudtariffavtala som gjeld for tilsette i kommunal sektor. Høgskulestudentar som jobbar innan relevante fagområde, vert løna etter lokal avtale, 20 000 kr over minstesatsen pr. dokumenterte studie år.
Ferievikarar som jobbar meir enn 80 % stilling i minimum 6 veker i perioden frå og med veke 25 til og med veke 33, får ein feriebonus i siste lønnsutbetalinga si på kroner 12.000.-.
Seljord kommune kan hjelpe med formidling av kontakt for lokal bustad i perioden, dersom det skulle vere aktuelt.
Om bedriften
Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.