PST søker to Cyber Threat Intelligence (CTI)- analytikarar
Org. nr: - Stillingsident: 4088337635 Presentasjon av stillingen:
PST handterer dei mest alvorlege truslane mot landet sin tryggleik. Ei av våre høgast prioriterte oppgåver er å førebygge og hindre spionasje frå framande statar. Etterretningstenester brukar mange ulike metodar for å spionere, mellom anna nettverksoperasjonar og nettverksangrep. Vi leitar no etter to Cyber Threat Intelligence (CTI)-analytikarar som kan hjelpe oss i arbeidet med å stoppe slik digital spionasje.
Arbeidsoppgåver
Som analytikar hos oss vil du til dagleg inngå i eit team kor ditt ansvar vil vere å samanstille og analysere all informasjon som PST har på fagfeltet, og å vurdere kva som vil skje framover i tid. Slik vil du hjelpe mottakaren, anten internt i PST eller hos eksterne samarbeidspartnarar, med å forstå situasjonen og treffe gode avgjerder.
Dei to stillingane vil ha overlappande arbeidsoppgåver, men vil til tider ha noko ulikt fokus.
Begge vil jobbe med å samanstille og vurdere indikatorar frå nettverksoperasjonar opp mot eit trusselbilete basert på eit variert tilfang av kjelder. Du vil analysere operasjonsmønster, modus og verktøy frå avanserte trusselaktørar vi jobbar mot, og dermed bidra til å førebygge og avdekke nettverksoperasjonar mot kritiske samfunnsfunksjonar. Trusselbiletet du bidrar til å teikne, vil du formidle jamleg i både skriftleg produksjon og i presentasjonar for ulike mottakarar.
Den eine stillinga vil fokusere hovudsakeleg på operasjonelt analysearbeid, med vekt på dei taktiske detaljane i sakene vi jobbar med. Den andre stillinga vil i tillegg til dette kunne brukast til analyseproduksjon og formidling av meir overordna karakter, også til mottakarar i myndigheitsapparatet utanfor PST, som til dømes departement og politisk leiing.
Vi treng med andre ord både deg som er interessert i dei små detaljane i det taktiske, og deg som har evne til å sjå dei strategiske linjene og formidle trusselbiletet til leiinga i PST og politiske myndigheiter. Ei særskild utfordring på dette fagfeltet, for begge stillingane, vil vere å formidle skadepotensialet til digitale truslar for mottakarar som ikkje har særskilt teknisk bakgrunn.
Kvalifikasjonar
For å vere aktuell for ei av stillingane må du ha ei sterk fagleg interesse for CTI og eit godt analytisk hovud. Det gjer ingenting om hovuddelen av bakgrunnen din er teknisk, men du vil vere avhengig av dagleg kommunikasjon med kollegaer utan slik bakgrunn. Du har utdanning på minimum bachelornivå, og det er ein fordel om du har utdanning eller erfaring innan informasjonssikkerheit, gjerne i kombinasjon med etterretning eller etterforsking. Relevante kurs og sertifiseringar vil òg bli vektlagde.
Særleg for den eine stillinga er det òg ein fordel om du har kunnskap om, eller ei sterk interesse for, grensesnittet mellom internasjonale relasjonar/tryggingspolitikk og det digitale domenet.
Begge stillingane krev svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, i tillegg til gode engelskkunnskapar.
Personlege eigenskapar
Vi søker deg som har eit svært analytisk sinnelag, og som er god til å sjå samanhengar og mønster der andre berre ser støy. Du må også kunne samanstille denne innsikta raskt og på ein forståeleg måte tilpassa den enkelte mottakaren. Her må du både vise til svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne, og evne til å levere vanskelege vurderingar med riktig kvalitet til riktig tid. Du vil samarbeide med folk med ulik fagbakgrunn og frå mange ulike verksemder. Vi krev derfor svært gode samarbeidsevner. Arbeidsfeltet er i stadig endring, og du må også både ønske og evne å bidra til eigen og kollegaers faglege utvikling.
Vi legg vekt på at kandidatane er personleg eigna til arbeid i ei tryggingsteneste. Du må vere lojal, ha sunn dømmekraft og vere påliteleg. Du må tilfredsstille krava til høgaste sikkerheitsklarering og autorisasjon.
Som tilsett i ein beredskapsorganisasjon forventar vi at du er fleksibel og villig til å yte ekstra når situasjonen krev det.
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og særs utfordrande arbeidsoppgåver innanfor eit fagfelt i rask vekst. Du vil få bidra til å trygge landet mot dei mest alvorlege trugslane. Du vil få erfaring og kunnskap som er ettertrakta også hos andre avdelingar og seksjonar i PST, og elles i samfunnet.
Dei to stillingane er faste.
Du vil få årslønn innanfor spennet kr 470 000 til kr 650 200 i stilling som rådgivar/seniorrådgivar (SKO 1434/1364). For særleg kvalifiserte kandidatar kan vi vurdere høgare lønn. Endeleg lønnsplassering og plassering i stillingskode er avhengig av kvalifikasjonar.
Statens pensjonskasse tilbyr god pensjonsordning (2 % trekk frå lønna).
Søknad og prosess
Våre tilsette skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere personar med fleirkulturell bakgrunn. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Søknad skal sendast elektronisk. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta kopiar av attestar må då takast med. Testing av fagkunnskapar og i kva grad kandidaten er skikka for stillinga må påreknast. For å bli sikkerheitsklarert må du vere førebudd på å gi opplysingar om deg sjølv og dine nærmaste. Vi oppmodar deg til å syne diskresjon om at du søker stilling i PST. Meir informasjon om dette vil bli gitt under tilsettingsprosessen
Kontaktinformasjon
Ane Roald , 23 30 50 00
Stig Johnsen Brekke, 23 30 50 00
Arbeidssted
Nydalen
0421 Oslo
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:PST (Politiets sikkerhetstjeneste)
Referansenr.:4088337635
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 10.06.2019
Om bedriften
Politiets sikkerheitsteneste (PST) er den nasjonale sikkerheits- og etterretningstenesta og har ei viktig rolle i beskyttelsen av demokratiet, borgarane og vitale samfunnsinteresser. PST er ei fleirfagleg teneste med behov for variert kompetanse. Vi har kontor i alle politidistrikt i landet og hovudkontor i Oslo.