Leirskulelærar - vikariat
Sør-Fron kommune
Fagerhøy, 2647 Sør-Fron, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Leirskulelærar - vikariat
Oppstart
19. februar 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. desember
Leirskulen ligg ved Peer Gynt vegen, mellom Skeikampen og Gålå, i Sør-Fron kommune. Leirskulen har eit variert aktivitetstilbod i eit lett og "snilt" høgfjellsterreng, sjå www.fagerhoi.no.
Utanom leirskulesesongen, i alle ferieperiodar, fungerer staden som fjellstove.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av leirskuleelevar.
- Ansvar for å tilretteleggje og leie aktivitetar knytt til friluftsliv på fjellet.
- Leirskulen tilbyr ulike aktivitetar som klatring, sykling, padling og turar i fjellet i vår- og haustsesong.
- I vintersesongen er det ski- og snøaktivitetar som er i fokus.
Kvalifikasjonar
- Grunnskulelærar eller anna relevant pedagogisk utdanning, og relevant yrkeserfaring.
- Politiattest må leggjast fram ved tiltreding, men skal ikkje følgje med søknaden.
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Leirskulesesongen går over 18-22 veker, og leirskulelæraren har ei komprimert arbeidstid i desse vekene.
Det er totalt igjen sju leirskoleuker fordelt på vinter, uke 9-13, og vår, uke 22-23, i inneværende skoleår. Resten av skuleåret nyttast til avspasering.
Leirskulen kan tilby hybel til leige.
Kontaktinformasjon
Eivind Lund, Kommunalsjef Oppvekst, 90793155, eivind.lund@sor-fron.kommune.noArbeidssted
Fagerhøy2647 Sør-fron
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Sør-Fron kommuneReferansenr.: 4889481455
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Startdato: 19.02.2025
Søknadsfrist: 16.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sør-Fron kommune ligg midt i Gudbrandsdalen og har om lag 3.100 innbyggjarar. Kommunen sitt næringsliv er i hovudsak jord- og skogbruk, reiseliv og offentlege tenester. I kommunen er det to barneskular, ein ungdomsskole, ein leirskole og to barnehagar. E6 går tvers gjennom bygda.
Eit unikt kulturlandskap i dalsidene er bygda sitt særpreg.Sør-Fron er langstrekt og breier seg ut på båe sider av Laugen. Her er det store fjellområde med svært gode moglegheiter for jakt-, fiske- og naturopplevingar. I kvar sin ende av kommunen ligg nasjonalparkane Rondane og Langsua med urørt natur.
I Sør-Fron kan du besøke Hundorp, Dale-Gudbrands gard, der Heilag-Olav kristna dølane i 1021 og gå Pilegrimsleia gjennom eit av landets mest særskilte kulturlandskap. Etterpå kan du lade batteria i Fron badeland, eller besøke den åttekanta Sør-Fron kyrkje – Gudbrandsdalsdomen frå 1792. Du kan få gode kultur- og matopplevingar på kulturgardane våre, overnatte i trolske omgivnader i Elgtårnet i Espedalen eller på fjellhotella våre. Elles kan du legge skituren til Gålå om vinteren eller sjå Ibsens «Peer Gynt» ved Gålåvatnet om sommaren.
Velkome åt Sør-Fron!
Sør-Fron kommune ønsker ikkje å bli kontakta av annonseselgarar.
Namn, adresse, alder og stilling på søkjarar blir offentleggjort etter søknadsfristens utløp ihht. offentleglova. Søkjarar som ønskjer konfidensiell behandling, må grunngje dette spesielt i søknaden.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2800199
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ad84f16994ea4222b1d72c2b064d8f99