100% stilling som brann- inspektør/ingeniør ved Ullensvang brann og redning
Ullensvang kommune Brann og redning
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Om arbeidsgivaren
Ullensvang kommune er ein stor kommune med eit areal på 3200 km2. Det er ca 11000 innbyggjarar og Odda er regionssenteret. Ullensvang brann og redning (UBR) består av hovudstasjonen i Odda, og 4 bistasjoner. Desse ligg i Røldal, Utne, Lofthus og Jondal. Odda har 5 vaktlag, 4 konstablar og 1 utrykkingsleiar, på dreiande vakt med vaktbyte kvar torsdag. Totalt er det tilsett 87 personar i UBR.
Me ser etter ein sjølvstendig, allsidig og fagleg engasjert person som kan bidra til å auka branntryggleiken i kommunen. Du må like å jobba med menneske, vera lagspelar og ha eit ønske om å tryggja innbyggjarane våre. Som brann- inspektør/ingeniør vil du komma i kontakt med alle menneskegrupper og formidla bodskapen om branntryggleik. Du vil vera ansiktet til brannvesenet utetter når du representerer oss i uniform og du vil vera ein viktig omdømmebyggjar for brannvesenet.
Me er ein av 21 kommunar som er med i samarbeidet Vest brann og redning KO. Dette er eit samarbeid mellom sjølvstendige brannvesen og består av tre fagutval, brannførebygging, brann og redningsberedskap og nødmeldetenesta.
Stillingslysing brann- inspektør/ingeniør.
Det vil bli ledig stilling som brann- inspektør/ingeniør ved Ullensvang brann og redning frå 01.01.2025.
- Gjennomføra tilsyn med særskilde brannobjekt og andre risikoobjekt, blant dei objekt underlagd forskrift om farleg stoff.
- Motivasjons- og informasjonstiltak innan brannførebygging.
- Arbeid med HMS og internkontroll.
- Førebyggjande arbeid med utsette grupper.
- Kursing og undervisning internt og for private.
- Få og oppfølging av bekymringsmeldingar.
- Være innsatsleiar i vaktturnus, kvar 4. veke.
- Være ansvarleg/drifta øvingar på stasjonane og vera med som evt sikringspersonell ihht vakter og årshjul.
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga, i samarbeid med brann og redningssjef
Kvalifikasjonar:
- Er branningeniør, byggingeniør, HMS-ingeniør, annan relevant ingeniørkompetanse og/eller utdanning frå Noregs brann og redningsskule (BER 3 eller D-kurs og Forebyggende kurs)
- Uttømmande politiattest- god vandel
- Tilfredsstille medisinske testkrav for røyk-, og kjemikaliedykkar (god fysikk)
- Personlege eigenskapar vil bli lagd stor vekt på
- Har gode evner til å samarbeida og relasjonsbygging
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Førerkort kl B
- Svømmedyktig
- Bustad i nær tilknyting til hovudstasjonen i Odda
- Har førarkort klasse C, eller tek kostnadene med dette sjølv snarast
- Sertifikat for utrykkingskøyring Kode 160, eller tek dette snarast på arbeidsgivars rekning
- Tilfredsstille medisinske krav til førarkort klasse D
- Før tilsetjing blir aktuelle kandidatar sende til bedriftshelsetenesta for ei målretta helseundersøking. Aktuelle kandidatar må i tillegg gjennomføra fysisk test, høgdetest m.m. før tilsetjing.
- Lønn etter hovudtariffavtalen
- Interessante arbeidsoppgåver og utviklingsmoglegheiter
- Gode pensjons- og forsikringsordning
Ønskjer ikkje kontakt av telefonslegere!
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takase til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønskt e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794581
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3430047_193923_nn