Bussjåfør
Vil du bli vår nye kollega i Davik?
Firda Billag Buss søkjer etter bussjåfør i 100% stilling med arbeidsstad Davik.
Tiltreding etter avtale.
Er dette deg?
- Ansvarsbevisst og serviceinnstilt
- Gode kommunikasjonsevner (norskkunnskapar)
- Godt humør og eit ynskje om å ta del i eit aktivt miljø
- Har dei nødvendige førarkort og godkjenningar for stillinga
- Trivast i rolla som bedrifta sitt ansikt utad
- Ynskjer å bidra til å oppfylle vår visjon ”Ditt sikraste val”
Vi kan tilby:
- Ein inkluderande arbeidsplass med dyktige kollega
- Ein ansvarsfull og sjølvstendig jobb
- Ein variert arbeidsdag
- Eit yrke med gode framtidsutsikter
- Jobbe med menneske
- Ordna arbeids- og lønsforhold
- Afp-ordning, pensjons-, ulykkes- og gruppelivsforsikring
- Bedriftshelseteneste
Søknad sendast elektronisk via jobbnorge.no - idnr. 262001
Ynskjer du å jobbe som bussjåfør så ikkje nøl med å ta kontakt.
Dersom du ikkje har førarkort eller nødvendig dokumentasjon for stillinga, ta kontakt for ein samtale.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Firda Billag Buss AS er eigd 50% av Connect Bus Norge AS og 50% av Firda Billag AS.
Selskapet har transportansvar for lokale ruter i Nordfjord og Sunnfjord i tillegg til ekspressrutene NW431 Fjordekspressen og VY170 Sogn og Fjordane-Ekspressen. Vi har eiga turbuss-avdeling og samarbeider med andre busselskap om ekspressbussruter.
Selskapet har 210 tilsette og ein omsetnad på kr 288 mill. i 2023. Hovudkontoret ligg i Førde.